Nå har vi fått ei ny regjering og ein Hurdalsplattform som er tydeleg på at vi treng ein betre distriktspolitikk. Den må forsterkast og fornyast med ein politikk som gjev sterkare fellesskap, vekst og utvikling i heile landet.

Byar, sentrale strøk, distrikt og bygder er avhengige av kvarandre. Men er det vilje til å forsterke og fornye distriktspolitikken? Er det brei politisk vilje til å nedprioritere dyre vegprosjekt eller staselege bygg til fordel for vedlikehald av fylkesvegar og riksvegar i distrikta, utdanningstilbod i heile landet, eller støtte til små og mellomstore bedrifter som vanskeleg når opp i klynger eller forskingsprosjekt?

I Nationen 8. juli peiker Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika-gruppen, på at ein bør flytte og investere mest mogleg ut av sentrale strøk som Oslo for å unngå inflasjon og utbyggingspress. Er den politiske vilja til stades for å satse på ein fordelingspolitikk i heile landet kan ein unngå både inflasjon og unødig utbyggingspress.

Les også

Eit fullstendig vanvitig prosjekt til 35 milliardar kroner

I NRK ytring skriv Julie M. Brodtkorp, adm.dir. Maskinentreprenørenes forbund, om statsbudsjettet og etterslep av vegvedlikehald. Vegformua blir forringa om det ikkje blir lagt meir i potten til vegvedlikehald. Vegetterslepet har vorte større og større over mange år, men eskalerer nå med høgare prisar. Det er tøffe tak for entreprenørane som skal gjennomføre vegvedlikehaldet og for fylkes- og riksvegar vil dette også gå utover vintervedlikehaldet.

Spesielt i distrikta er og blir dette ei stor utfordring. Der er det ikkje finansiert opp eit kollektivtilbod som i byane. Der er det bilbasert og både mjølkebilen og varetransporten er avhengige av å få fram varene til industrien eller kundane. Da må vegnettet haldast ved like.

SSB har presentert tal for folketalsutvikling i Norge no fyrst i juli og der er det dystre tal for distrikta. Det blir gjerne det om nokon skal vekse på kostnad av andre. Dersom byane skal vekse, betyr jo det at andre misser noko. Kva er det dei skal jobbe med alle desse 100 000 ekstra som skal bu i Oslo? Mat- eller møbelproduksjon? Frisørar eller stylistar? Byråkrati eller tilsyn? Det er i alle fall lite av både energiproduksjon og jord- og skogbruk i byane, som er grunnlaget for vår bioøkonomi og ein viktig del av vår beredskap for sjølvforsyning. Da treng vi at det bur folk i heile landet.

Les også

30 år sidan den store hestehandelen

FNs berekraftsmål blir lagt til grunn for vår politikk, både den førre og noverande regjering gjer det. Berekraft betyr balanse. Da må vi spørje oss om det er vilje til å føre ein fordelingspolitikk som gjev balanse i utvikling av både folketal og økonomi. Ein fordelingspolitikk som gjer at vi kan halde ved like fylkes- og riksvegar i heile landet eller som skapar optimisme og framtidstru. Som gjer at ungdommane kan gå på ein vidaregåande skule nær seg eller at ei ny bedrift ser dagens lys i Nord-Østerdal eller i Valdres. Som gjer at ein fylkesveg i Ringsaker endeleg får ny asfalt og nye tunnelar på RV 15 mellom Skjåk og Stryn bokstaveleg talt ser lys i tunnelen.

Vi treng ein ny og betre distriktspolitikk som skal styrke både by og land, men er det reell politisk vilje til det på Stortinget?