Gå til sidens hovedinnhold

Er det verkeleg nødvendig?

Skjenkestopp, maks to gjester og påbod om munnbind. Velkomen til påsken 2021.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Tysdag kveld vart Noreg stengt ned på nytt. At det ville koma nye, nasjonale tiltak etter fleire dagar med rekordhøge smittetal, er ikkje overraskande. Fleire av innstrammingane og råda som blir gjeve, er eit sterkt uttrykk for at det no er alvor.

Smittetala nasjonalt går ikkje ned. Muterte koronavirus dukkar opp der ein minst kan vente det. Uføreseielegheita ved viruset gjer at styresmaktene kjenner presset. Dei strenge tiltaka som kjem no skal fyrst og fremst verke preventivt.

Fra torsdag innskrenkes vår frihet ytterligere – se de strenge nasjonale tiltakene her

Likevel må vi kunne diskutere innhaldet i dei. Helseminister Bent Høie (H) sa under pressekonferansen tysdag at han veit det vil koma reaksjonar. Det var også forståeleg at dei ikkje sende statsminister Erna Solberg sjølv ut for å forklare kvifor vi no bør fylgje dei strenge reglane. Ein-meteren blir to-meteren. Vi blir tilrådd å ikkje ha besøk av meir enn to personar, at berre ein person i husstanden går på butikken, og at du skal handle i din eigen kommune. Det blir innført nasjonal skjenkestopp, uavhengig av korleis smittetala er lokalt.

Nå har alle Valdres-kommunene en egen lokal smittevernforskrift for påsken – her kan du se hvilke regler som gjelder/kan gjelde

Skal vi som samfunn ha kondisjon til å stå løpet ut, må vi kjenne at tiltaka treffer. Det er enklare å stenge seg inne på nytt, om vi veit at det faktisk har ein effekt. Samstundes veit vi ikkje når og kvar koronaviruset dukkar opp ein stad nær oss. Denne usikkerheita har nok regjeringa kjend på dei siste dagane, forståeleg nok. Å vente med nedstenging til smitta er eit faktum, blir heller ikkje rett. Skjenkestopp for absolutt alle serveringsstader i landet burde vore unødvendig når mange kommunar per i dag ikkje har særleg stor smitte. Når ein husstand på ein eller to personar ikkje kan invitere til seg ein familie på fem, men dra på besøk til den same familien, skapar det også unødig forvirring.

Disse påbudene innføres i Nord-Aurdal fra førstkommende torsdag

Vi skal ikkje meine så mykje om munnbind er eit godt tiltak eller ikkje, det må smittevernekspertane ta seg av. Men når matbutikk etter matbutikk i Valdres kjenner at dei må innføre eigne reglar, syner det at kommunane ikkje har vore raske nok på ballen.

Som vi skreiv berre for nokre dagar sidan; kva råd og påbod som gjeld til ei kvar tid, må vera tydeleg for folk. Det er vanskelegare å etterleva uklare enn klare reglar. At ikkje eingong dei seks Valdres-kommunane klarte å einast om felles retningslinjer og tiltak, er eigentleg ei lokalpolitisk fallitterklæring i ein region som til no har hatt lite smitte. Når kommunar i same region ikkje klarar å bli samde om eitt regelverk, blir det også nødvendig for dei sentrale styresmaktene å gripe inn med nasjonale råd og tiltak.

Kommentarer til denne saken