Snart eitt år etter stormen som råka delar av Austlandet har Statsforvaltaren i Innlandet kome med ein rapport. Ein av konklusjonane er at kvar og ein av oss må vera budde på at me kan stå utan straum og mobildekning i kortare periodar.

Det tyder at me må sikre oss mat og utstyr for nokre dagar. Bønder og lokalmatprodusentar må ha ein plan for drifta. Me må vera mentalt budde på at me ikkje har kontakt med omverda på nokre dagar, og kva det vil tyde for oss. «Befolkningen må kunne klare seg selv i flere dager uten støtte fra kommunene eller det offentlige», står det i rapporten.

Valdres vart hardt råka av stormen. Og i så godt som alle kommunane varte straumutfallet lenge, naudnettet fungerte ikkje, og det var heller ikkje mogleg å ringje via mobil. Mange vegar vart stengde då det bles ned tre, og det var vanskeleg å få rydda vegar og straumlinjer. Mobildekninga var vekke i lange periodar. For basestasjonane var utfordringa at dei gjekk tomme for straum.

Statsforvaltaren tek også sjølvkritikk for at ikkje alle rutinane ved oransje farevarsel vart følgd. Mellom anna vart ikkje meldingar frå Telenor fredag morgon sendt vidare. Det vart heller ikkje bede om kvittering frå kommunane då Statsforvaltaren sende ut melding om oransje farevarsel, sjølv om den etablerte praksisen er at kommunane skal kvittere. Ressursane skal også samordnast og det skal skaffast oversikt. Men rapporten svarar ikkje på kvifor Statsforvaltaren ikkje fylgde etablert praksis.

Statsforvaltaren gjev heller ikkje noko svar på kvifor det ikkje vart sett Fylkesberedskapsråd. Når ein les rapporten får ein inntrykk av at Statsforvaltaren sjølv ikkje heilt forstod kor store konsekvensane var av stormen.

Rapporten kjem også med nokre tydelege betringspunkt for dei overordna styresmaktene. Denne rapporten må difor få konsekvensar også for den nasjonale beredskapen. Naudnettet blir ikkje meir «robust» ved at folk fyller skåpa sine med kveitemjøl og spagetti. Styresmaktene og teleselskapa må ta meir ansvar for den kritiske infrastrukturen.

Det er nesten ikkje til å skjøne at det ikkje gjekk liv tapt i stormen. At det gjekk så godt som det trass alt gjorde skuldast ein enorm innsats lokalt.