I «alle år» har det vore betent skranke for informasjons- og publikumstenester på Fagernes skysstasjon. Her kan passasjerar og andre få hjelp til billettbestilling, rutetider, sending av pakker og så vidare. Men frå og med 1. april blir det ingen å finne bak skranken på skysstasjonen.

Innlandet fylkeskommune skal nemleg spara pengar på samferdsle. Sjølv om det varsla kuttet på 100 millionar kroner for fylkeskommunen sitt budsjett for inneverande år vart berga ved eit politisk fleirtal som vil bruke midlar frå disposisjonsfondet til drift, har ikkje fylket ved Innlandstrafikk funne ein halv million til framleis drift av informasjonsskranken.

Slik blir ansvaret dytta over på andre. Her i Valdres er det lang veg frå apotek og ut til legekontor og pasientar som treng medisin. Posten går som kjend knapt nok lenger, og bussane er difor heilt nødvendige for transport av pakker og livsviktige medisinar. Trafikksjef Øystein Bjørnødegård i Trønderbilene, selskapet som køyrer lokalrutene til og frå Fagernes, stussar også over avgjerda. Det er eit godt spørsmål kva løysingar Innlandstrafikk ser for seg for handteringa av pakker og medisinar.

Me skjønar til ein viss grad argumentasjonen til fylket. Talet på bussreisande er enno ikkje oppe på same nivå som før koronapandemien. Og stadig fleire kjøper billettar via nett. Men det er nok av gode innvendingar mot argumentasjonen frå Innlandstrafikk.

For det fyrste er trafikkgrunnlaget fyrst og fremst snakk om tid. Med fokuset på miljø og klima vil det ikkje bli færre, men fleire, som reiser med buss gjennom, til eller frå Fagernes. Å leggje til grunn at det i åra som kjem framleis vil vera låg persontransport med kollektivtrafikken høyrest pussig ut.

For det andre er det framleis mange reisande som ikkje handterer billettbestilling via nett. I høgsesongane er det også mange tilreisande til Fagernes og Valdres, som ikkje er så lokalkjende at dei veit kva buss dei skal ta til kvar. Skal du frå ei lokalrute og over på ein ekspressbuss, må du også kjøpe billett via to nettstader. I dagens digitale verd er det lett å gløyme at det framleis er ei stor barriere for mange reisande å handtere kjøp og nedlasting av billettar via nett.

Avgjerda om nedleggjing har sjølvsagt skapa debatt. Saka føyer seg diverre inn i ei rekkje av saker der fylket anten har kutta eller føreslått kutt, som får konsekvensar for arbeidsplassar og det offentlege tilbodet i Valdres.

Som Marianne Rognås Larsen kommenterer på Facebook: «Ingenting erstatter et menneske in real life. Ferdig snakka»