Branntilløp i Etnedal

Brann avverga: Rask utrykning gjorde at det ikkje kom lengre enn til kraftig røykutvikling ved Valdres Høyfjellshotell i Steinsetbygda torsdag føremiddag.

Brann avverga: Rask utrykning gjorde at det ikkje kom lengre enn til kraftig røykutvikling ved Valdres Høyfjellshotell i Steinsetbygda torsdag føremiddag. Foto:

Kraftig røykutvikling ved Valdres Høyfjellshotell i Nord-Etnedal torsdag føremiddag førte til full utrykning av brannvesen og naudetatar elles.

DEL

Steinsetbygda: Då avisa kom til staden klokka 12 var det ingen røyk eller flammar å sjå, og utrykningsbilar - og mannskap i ferd med å returnere.

I eit teknisk rom

Vi fekk likevel ein kort prat med Vegar Storsveen, innsatsleiar frå politiet.

- Det vart varsla om røykutvikling frå eit teknisk rom ved hotellet. Både politi og ambulanse samt brannmannskap frå Etnedal og Nord-Aurdal rykte ut, fortel Storsveen.

Rask avklaring: Innsatsleiar Vegar Storsveen i politiet rosar brannmannskapa for effektivt arbeid.

Rask avklaring: Innsatsleiar Vegar Storsveen i politiet rosar brannmannskapa for effektivt arbeid. Foto:

Kunne gått verre

Han fortel at det snøgt var kontroll og effektiv opprydding.

- Gode og effektive varslingsrutiner gjer at mannskapa kan vera snøgt på plass, det forhindra truleg langt større skader denne gongen, seier Storsveen, som ikkje vil spekulere nærare i kva som var årsak til branntilløpet.

Mannskap frå energiselskapet Vokks kom også til staden, seinare elektrikar frå El-fag på Fagernes.

Avklara: Oppdraget på Valdres Høyfjellshotell er over, tid for å vende heim.

Avklara: Oppdraget på Valdres Høyfjellshotell er over, tid for å vende heim. Foto:


Artikkeltags