Helselags-årsmøte i Etnedal

Etnedal helselag: Årsmøtet nyleg engasjerte mange, og damene var i fleirtal - lyttande og engasjerte.

Etnedal helselag: Årsmøtet nyleg engasjerte mange, og damene var i fleirtal - lyttande og engasjerte. Foto:

Av

På årsmøtet til Etnedal helselag nyleg møtte rundt 50 opp av 254 på medlemslista i 2018. Årsmeldinga viser stor aktivitet på mange plan.

DEL

Etnedal: Kommunelege Tor Inge Kristianslund orienterte om hjartehelse: Gå same turen ofte, og kontakt lege dersom bakken ein dag kjennes tyngre.

Stort og aktivt styre

Det har vore kretslag av Nasjonalforeningen for folkehelsen i nær alle dei gamle skulekretsane i bygda. No er dei aktive laga redusert til sju, med leiarane av kretslaga som styremedlemer i hovudstyret. Torgun Thon Hagaseth tok attval som leiar, Elna Kvedalen er kasserar og Marit Slettum referent, som siste året har hatt 13 styremedlemer og seks møte med 64 saker.

Tre arbeidsgrupper

Det er tre arbeidsgrupper i laget; kreft, demens og hjarte. Onsdagstreffen er der det blir laga ulike handarbeid som blir lodda ut. Det er hyggetreff på fleire stader i Bruflat, og alle kretsane har basarar i løpet av året. Ulike turar er avvikla i løpet av året; på Folkesitgen i Rust, til Badeland, Granum gård og München. Det er gå-grupper fleire stader i bygda. Seniordans og badmington trimmar dei vaksne, og hoppetaukonkurransen på skulen får dei unge etnedølene på vinnarlista årleg. Kosthaldsdagen med servering av mat til alle på skulen er alltid populær. Om hausten er det årleg treff på Leningen med spennande hestesko- konkurranse, og tradisjonen med vennskapsfest med helselaget i Torpa var i fjor på Skogtun på Bruflat. Elna Kvedalen la fram rekneskap og budsjett for helselaget. Anne Marie Ødegaard orienterte om økonomi og vedlikehald som leiar av styret for helselags-bustadane på Bruflat.

Frivilligsentralen

Etnedal Frivilligsentral er eigd av Etnedal helselag, og dagleg leiar er Kari Skogstad. Der er også BUA utlånssentral av sportsutstyr. Dugurd for eldre servert av frivillige i helselaget kvar fredag er populært med 48 samlingar sist år. Det blir årleg arrangert sommar-tur, og julebord er tradisjon. Aktivitetsdagen på Etnedalsheimen var svært populær med hesteskyss og god mat, og internasjonal dag saman med kvinnekafeen er viktige og sosiale tiltak. Fem trufaste karar reiser torsdagar ut med middagsmat til heimebuande eldre. Nemnast kan også barseltreff, besøksteneste, datahjelp og ”Natt i naturen” sist haust. Honning og Rigabalsam song, og god servering og loddsal var sjølvsagt. Det beste er at alt tydar på at det meste av det som den fyldige årsmeldinga for 2018 viser til av aktivitetar også kjem til å halde fram i 2019 - til glede for alle involverte.

Artikkeltags