Fossetur til Bustenskjolds rike

Lundebrue: Turen startar ved Lundebrue

Lundebrue: Turen startar ved Lundebrue Foto:

Nord-Aurdal Mållag arrangerer i samarbeid med Etnedal Mållag «fossetur» til Lundebrue og Helleføssen i Etnedal sundag.

DEL

Etnedal: Det er lagt opp til at turdeltakarane sjølve tek seg fram til Lundebrue, fem kilometer sør for Bruflat. Den 132 meter lange Lundebrue er den største tørrmura steinkvelvbrua i Skandinavia, så ho er vel verd å sjå litt nøyare på.

Lybeck

Mellom parkeringsplassen og brua står ein byste av forfattaren Sigurd Lybeck, som vaks opp rett sør for brua. Fire av dei mest kjende figurane hans er òg samla der: Bustenskjold, Plassbakkallen, Myrenggubben og Sørine Navarhaugen. Torodd Lybeck – forfattar av boka 222 fossar i Valdres – er turleiar.

Han kjem til å fortelja litt om bestefaren og forfattarskapen hans, i tillegg til å informere om Lundebrue, elva og Helleføssen. Ved Lundebrue er det også bord å sitja ved når turdeltakarane skal eta medsmurd niste og drikke kaffi.

Nytt og gammalt

Spaserturen går over brua og oppover langs elva på austsida, via vegen til Etnedal skyttarbane, og opp til Helleføssen. På tur dit vil turdeltakarane passere traseen til det som skal bli ny tilføringsveg til den nye Helleføssbrue. Ved Helleføssen kan ein studere både gammal, naturskapt og moderne kunst. Herifrå kan ein sjå over til bustaden Fossheim på vestsida av elva. Der budde Martin Lundstein (1872–1973), som var ein viktig tradisjonsberar og lærar for fleire generasjonar av søretnedølar. Langs elva er det ein flott steinmur, som i si tid vart bygd for å føre vatn inn på Hovde lysverk, det einaste av 11–12 gamle elverk i Etnedal som låg i Etna. Restar av lysverket er enno synleg i skogen.

Artikkeltags