Tur til "Bustenskjolds rike"

Historisk grunn: Laurdag 23. juni blir det tur til husmannsplassen Brøto, der opningssekvensen i filmen Jens von Bustenskjold, frå 1958, vart spelt inn.

Historisk grunn: Laurdag 23. juni blir det tur til husmannsplassen Brøto, der opningssekvensen i filmen Jens von Bustenskjold, frå 1958, vart spelt inn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag 23. juni, på sjølvaste sankthanskvelden, blir det mogleg å få med seg ein tur til Brøto, der deler av Bustenskjoldfilmen (opningssekvensen) vart spelt inn.

DEL

Etnedal: Jon Øystein Lundstein, som har hytte rett sør før Dokken i Etnedal, blir vegvisar og vil fortelje det han hugsar frå då han som smågut sat og såg på innspelinga, mest sannsynleg i solskin og kortbukse.

– Filmen hadde premiere i 1958, men eg trur innspelinga i Brøto må ha vore eitt eller to år før, seier Lundstein.

Dei som ynskjer å vera med på turen kan parkere i Dokken, og derifrå er det ikkje langt å gå. Ein køyrer opp ved Espeseth og så langt ein kjem opp mot åsen.

Toril Grønbrekk, ordførar i Etnedal, blir med på turen, og historielaget er medbedt. Møtetida er i Dokken klokka 12.00 presis, og avisa Valdres blir med på turen.

Artikkeltags