Gåvedryss frå fond

Gåvedryss: Ordføraren i Etnedal, Toril Grønbrekk ( i midten) delte ut pengegåver til fire frivillige lag og organisasjonar frå Lenningen-fondet. Frå venstre: Kari Skogstad, Frivilligsentralen; Silje Svanheld Bergsbakken, Dalsfjord idrettslag; Thor Vegard Woxen, Raude krossen og Petra Granström, Høljarast idrettslag. Nordetnedal grendalag fekk også ei tildeling.

Gåvedryss: Ordføraren i Etnedal, Toril Grønbrekk ( i midten) delte ut pengegåver til fire frivillige lag og organisasjonar frå Lenningen-fondet. Frå venstre: Kari Skogstad, Frivilligsentralen; Silje Svanheld Bergsbakken, Dalsfjord idrettslag; Thor Vegard Woxen, Raude krossen og Petra Granström, Høljarast idrettslag. Nordetnedal grendalag fekk også ei tildeling. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det vanka førjulsgåver til fem frivillige organisasjonar på kommunestyremøtet i Etnedal denne veka.

DEL

– Vi var skjønt samde om at dei som var plukka ut, hadde gode prosjekt, sa ordføraren Toril Grønbrekk, da det var tid for utdeling av årets midlar frå Lenningen-fondet.

Fondet er etablert av Bruflat sokneråd, som eig og sel tomter på Lenningen. Det blir sett av femti tusen kroner per omsette tomt, til eit fond mynta på allmennyttige føremål.

Utstyrsbank

Alle frivillige lag og organisasjonar i Etnedal har høve til å søke pengar til ulike prosjekt, og formannskapet tek kvart år avgjerda om kven som skal få pengar. I år vart det gjort på formannskapsmøtet i november.

Frivilligsentralen i Etnedal fekk hundre tusen kroner. Dei hadde søkt om pengar til å etablere ein utstyrsbank for barn og ungdom. Dagleg leiar Kari Skostad, forklara ideen.

– Det vil fungere som eit slags bibliotek med sports- og fritidsutstyr, sa ho og nemnde ski, skøyter og syklar som typisk utstyr ein kan finne i ein slik bank. Kva brukarane spør etter, vil også spela inn, forklara ho. Målgruppa er 3 til 18 år.

Idrett og helse

Raude krossen hadde søkt om pengar til landingsplass for helikopter på Lenningen. Grønbrekk kunngjorde at dei var til gode sett med tjuefem tusen til dette. Thor Vegard Woxen tok imot gåva på vegner av laget.

Silje Svanheld Bergsbakken tok imot tjuefem tusen kroner på vegner av Dalsfjord idrettslag, til etablering av volleyballbane i Steinsetbygda. Høljarast idrettslag fekk med seg tjuefem tusen kroner, i arbeidet med å lage ny fotballbane på Mosletta. Petra Granström tok imot pengane.

Nordetnedal grendelag hadde ingen representantar til stades, men hadde søkt om pengar til ei sikteskive på Goaren. Grønbrekk forklara at dette fungerer som eit kart over utsikta, når ein først har kome opp på toppen. Ho understreka verdien av den frivillige innsatsen i desse laga fleire gonger.

– Takk for det de gjer alle saman, sa ordføraren til slutt.




Artikkeltags