Kulturdagar med noko for alle

Torsdag 24. oktober kjem forfattar og etnedøl Ingeborg Solbrekken med foredraget «Gestapos mest ettersøkte nordmenn holdt til i Etnedal», basert på boka si frå 2018. Det blir ein kveld fylt med interessant lokal og nasjonal historie.

Torsdag 24. oktober kjem forfattar og etnedøl Ingeborg Solbrekken med foredraget «Gestapos mest ettersøkte nordmenn holdt til i Etnedal», basert på boka si frå 2018. Det blir ein kveld fylt med interessant lokal og nasjonal historie. Foto:

For femte gong fylles ei lang veke i oktober med kulturopplevingar og aktivitetar i Etnedal.

DEL

ETNEDAL: Kulturdagatn går i år føre seg frå fredag 18. til sundag 27. oktober. TV-aksjonen «tjuvstartar» med konsert og utlodding fredag 18. oktober, før den tradisjonsrike handverksmessa på Skogtun grendehus formelt opnar «dagatn» laurdag. I løpet av kulturdagatn bør dei fleste få høve til å oppleva dei mange talenta i Etnedal kulturskule, då dei både skal ha konsertar, danseframsyning og kunstutstilling.

Kulturpris

Kulturprisen skal delast ut tysdag 22. 10. under «På grensen til allsang» med Bruflat sangkor – der blir det allsong, quiz og underhaldning ved kulturskulen.

Måndag blir det bokkveld på biblioteket, under tittelen «Boka i mitt liv». Onsdag 23.10. får alle i Etnedal høve til å koma med innspel til kultur- og fritidstilbodet i kommunen, då det vert steika lappar og invitert til ope møte på frivilligsentralen. Møtet har samanheng med revidering av kommunedelplanen for kulturfeltet, som startar i haust.

Torsdag 24. oktober kjem forfattar og etnedøl Ingeborg Solbrekken med foredraget «Gestapos mest ettersøkte nordmenn holdt til i Etnedal», basert på boka si frå 2018. Det blir ein kveld fylt med interessant lokal og nasjonal historie.

Laurdag 26. kan du krydre bibliotekbesøket med Helge Lunde-filmen «Sangen om Rondane» frå 1934, før du ut på kvelden kan briljere med den kulturelle kapitalen din i QulturQuiz på Blaafladt spiseri. Dagatn blir runda av med ein aktiv dag i Etnedalshallen sundag 27. oktober.

Dei fleste etnedøler vil få høve til å oppleva eit kulturtilbod i løpet av Kulturdagatn. For fullt program, følg med på Facebook og på kalenderen på heimesida.

Artikkeltags