Ole Albert fekk kulturprisen

Av

Etnedal kommune gjev annakvart år ut ein kulturpris, og i år var det endeleg Ole Albert Knutsen sin tur. Med mykje musikk-kulturell underhalding, mat og åresal, vart det ein innhaldsrik og triveleg tysdags-kveld med Bruflat Sangkor som arrangør.