Felekonsert med basar i Etnedal

Øvd: Oda Amalie Lund og Julie Skogstad har gjennom vinteren øvd på eit konsertprogram med folketonar og klassiske melodiar.

Øvd: Oda Amalie Lund og Julie Skogstad har gjennom vinteren øvd på eit konsertprogram med folketonar og klassiske melodiar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

To fiolinelevar i kulturskulen i Etnedal heldt tysdag denne veka ein flott konsert i Brusveen grendahus i Smiugardsbygde i lag med læraren sin, Bente Hemsing.

DEL

Etnedal: Dei to elevane, Oda Amalie Lund og Julie Skogstad, har gjennom vinteren øvd på eit konsertprogram med folketonar og klassiske melodiar med mål om å ha konsert med basar. Mødrene hadde samla inn gevistar frå gåvemilde butikkar i Etnedal og på Dokka. Heile Smiugardsbygde var invitert til konserten, og oppmøtet var strålande. Kveldens konsert og basar gav kr 3.000 som blir overført til Kreftforeningen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken