Anbod på fv. 33 i januar

Må vente: Den utvalde entreprenøren må vente eit halvt års tid før spaden kan stikkast i jorda på fv. 33. Dokka Entreprenør ferdigstilte den hittil siste biten på Tonsåsvegen, Høljarast-Flaggfjell, i oktober 2014.

Må vente: Den utvalde entreprenøren må vente eit halvt års tid før spaden kan stikkast i jorda på fv. 33. Dokka Entreprenør ferdigstilte den hittil siste biten på Tonsåsvegen, Høljarast-Flaggfjell, i oktober 2014.

Artikkelen er over 1 år gammel

Anbodet på fv. 33 Skardtjednet-Bjørgokrysset blir lyst ut ei stund etter nyttår.

DEL

Etnedal: Statens vegvesen er no i gang med å utarbeide konkurransegrunnlaget for prosjektet.

– Vi reknar med å ha tilbodsdokumenta klare og at oppdraget kan bli lyst ut i månadsskiftet januar/februar. Ettersom dette er eit forholdsvis stort byggeoppdrag, skal det lysast ut i databasen som gjeld heile EØS-området, fortel byggeleiar i Statens vegvesen Edvin Rye.


Byggestart i mai

Stortinget slutta seg 28. november til regjeringa sitt framlegg om å finansiere strekningane Skardtjednet-Tonsvatnet og Bjørgo-krysset- Nedre Øygarden ved hjelp av bompengar og fylkeskommunale midlar.

Entreprenørane som leverer inn tilbod, får minst seks veker på seg, slik at tilbodsfristen truleg blir i siste halvdel av mars. I løpet april eller tidleg i mai håper Statens vegvesen å vera ferdig med kontrollrekning og dokumentkontroll slik at dei kan velja entreprenør.


Ferdig sommaren 2020

– Det naturleg at det firmaet som får oppdraget, begynner med avskoging langs traseen så fort kontrakten trer i kraft og dei er klare til å begynne, seier Rye, som opplyser at byggestart tidlegast kan bli i mai.

– Kvar vil entreprenøren starte bygginga, på øvre del ved Bjørgo eller på nedre delen?

– Det er opp til entreprenøren å planlegge kvar firmaet vil starte med arbeidet, seier Rye som reknar med at det vil ta litt over to år å fullføre arbeidet.

Vegvesenet tek utgangspunkt i at vegen skal vera ferdig bygd ut i løpet av sommaren 2020.

Tonsåsvegen:

  • Nedre Øydgarden-Tonsvatnet på 5 km vart opna i 2000.
  • For at prosjektet skal bli lønsamt, er det lagt til grunn ei gjennomsnittsinntekt på 19 kroner per bompassering. Tunge køyretøy skal betale det dobbelte av bilar i takstgruppe ein.


Artikkeltags