Gå til sidens hovedinnhold

Akkreditert som NGO under UNESCO

Artikkelen er over 3 år gammel

Tysdag denne veka fekk instituttet på Fagernes status som NGO – Non Governmental Organization (ikkje statleg organisasjon). Få institusjonar i Noreg har ein slik status, og den gir instituttet ei særskilt rolle i det omfattande UNESCO-systemet.

Fagernes: Akkrediteringa skjedde i Paris på generalforsamlinga for statar som har ratifisert UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv. Som NGO får Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) ein rådgivande status i UNESCO, som ein institusjon med kunnskap og lang erfaring i å bevare og vidareføre immateriell kulturarv.

Anerkjenning

Leiar for instituttet, Camilla Rossing, seier ho er svært stolt over at instituttet no har vorte akkreditert.

– Dette er ei anerkjenning av alt det arbeidet som Norsk institutt for bunad og folkedrakt har gjort i over 70 år.

NBF arbeider med feltarbeid og dokumentasjon, forsking og rådgjeving. Formålet med arbeidet er å vidareføre den norske, allmenne bunadbruken. Da er det naudsynt å sette fokus på alt handverket som bunadene vidarefører, og som NBF arbeider med å formidle vidare via kurs, seminar og utdanning. Akkreditering som NGO under Unesco er en anerkjenning av dette viktige arbeidet.

Oppmodar om prioritering

NBF oppmodar no norske myndigheiter til å prioritere nettopp opplæring og utdanning, som trengs for å gi nye generasjoner verdifull handverkskunnskap. Dette betyr at Noreg har 7 akkrediterte ikkje-statlege organisasjonar som ønsker å stille sin kunnskap til rådvelde for UNESCO i arbeidet med konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Noreg ratifiserte i 2007 UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv. For meir informasjon om UNESCO- konvensjonen om immateriell kulturarv, sjå UNESCO sine heimesider.

Kommentarer til denne saken