Internasjonal julebakst

Peparkaker: Mohammad, Eva og Bana pyntar peparkaker i stor stil.

Peparkaker: Mohammad, Eva og Bana pyntar peparkaker i stor stil. Foto:

Av

Fjorten damer – dei fleste med innvandrarbakgrunn – og sju barn var samla til julebakst på skulekjøkkenet på Nord-Aurdal barneskole onsdag.

DEL

Fagernes: Det har etter kvart blitt ein tradisjon at Internasjonalt kvinneforum bakar småkaker i førjulstida. Denne veka tok damene derfor pause frå språkkafeen på Vikatunet og bakte julekaker på barneskulen. Det gjekk unna med liv og lyst, og på halvannan time hadde dei steikt fire sortar småkaker og pynta ein dobbel porsjon med peparkaker.

Språk og smak

Det er mykje språklæring også i kakebakst. “Kjevle” var eit ord mange streva med å lære seg. Damene fekk utdelt oppskriftene til kakene dei laga denne kvelden. Fleire lurte på kva “sirup” og “nellik” er, og då kunne dei få lukte og smake på varene som var ukjende. Mange av innvandrarane synest at vi bruker mykje søte kaker her i landet, og det er uvisst om dei følgjer opp den norske tradisjonen med sju slag. Men dei synest det er moro å vera med og smaka på våre tradisjonar, bokstavleg tala. På språkkafeen, som er på Frivilligsentralen på Fagernes kvar onsdag, går det i språktrening og sosialt samvær. Den siste onsdagen i månaden samarbeider Internasjonalt kvinneforum med Husflidslaget, så då står strikking og hekling på programmet.

Bringebærruter: Hanin frå Syria og Carolina frå Polen lagar bringebærruter med eigen design.

Bringebærruter: Hanin frå Syria og Carolina frå Polen lagar bringebærruter med eigen design. Foto:

Artikkeltags