Frå Ivar Aasen til Jørgen Norheim

Sørbø: Jan Inge SØrbø kjem til Fagernes.

Sørbø: Jan Inge SØrbø kjem til Fagernes. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Jan Inge Sørbø kjem til Fagernes fyrstkomande torsdag for å fortelja den fascinerande historia om nynorsk litteratur – frå Ivar Aasens tid til i dag.

DEL

I 1864 lanserte Ivar Aasen det nye norske skriftmålet. For å gjera det kjent skreiv han også dikt og songar på «landsmålet», og snart fekk han hjelp av andre. Vinje og Blix tok målet i bruk, og i 1868 vart Samlaget starta som eit nynorsk forlag og ein nynorsk «bokklubb».

Sidan den tid har nynorsken fått mange sterke stemmer, og namn som Garborg, Duun, Vesaas, Hauge og Fosse er rekna blant dei store norske klassikarane. Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda, har skrive Nynorsk litteraturhistorie i samband med 150-årsjubileet til Samlaget, og gir eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i, og opponert mot dei. Det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har vorte skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit forståeleg språk. Over 150 forfattarskapar er representerte i boka, og Sørbø seier at Jørgen Norheim er ein forfattar med Valdres-bakgrunn som han vil trekkje fram. Sørbø kjem til Nord-Aurdal folkebibliotek torsdag 26. april, og det er Nord-Aurdal Mållag og Nord-Aurdal folkebibliotek som står bak arrangementet.

Artikkeltags