– Ja, det finst politikarar som likar å sete miljø opp mot kvarandre. By mot land, til dømes. Men samfunnet er meir samansett

Debatt

Debatt Foto:

Demokratiet i fare var tema då Odd Einar Dørum gjesta Fagernes onsdag kveld.

DEL

Fagernes: –Det pågår ein åndskamp. Her heime og i Europa, fortalde Dørum og viste til illiberale krefter både i Ungarn, Kina og i USA. Og i Noreg.

– Vi må ikkje tru at dei antidemokratiske kreftene er noko som føregår berre i dei andre landa. Vi ser tendensar til politikarforakt og demokratisk trøttheit også her heime, og til å ta lokalpolitikk for gjeve, fortalde han.

Det pågår ein veldig polarisering mellom partia. Dørum mislikar utviklinga.

– Ja, det finst politikarar som likar å sete miljø opp mot kvarandre. By mot land, til dømes. Men samfunnet er meir samansett. Problemstillingane i byane og på bygda er ikkje slik eller slik, men ein stad midt i mellom. Oslo er ikkje einsbetydane med makt. Utanfor sentrum bur dei fattigaste menneska i Noreg. Vi slit med gjengproblem og sårbare ungdomsgruppe. Slik det også er utfordringar og samansette samfunnsutfordringar også på bygda.

40 tok turen

Ikring 40 hadde teke turen til Valdres folkemuseum onsdag kveld. Arrangørar var Valdres Venstre. Ingjerd Thon Hagaseth fortel at temamøte var ein av fleire Venstre-arrangement i tida framover. Ho er oppteken av politisk engasjement på tvers av politiske skiljelinjer.

– Lokalpolitikk dreier seg ikkje berre om eldreomsorg og arealplanlegging, men om eit breitt samfunnsengasjement og samfunnsansvar. Demokratiet skal vi ikkje ta for sjølvsagt, heller ikkje på bygdene. Eit godt demokrati er avhengig av to vesentlege faktorar: engasjement, og at vi søker den gyldne middelvegen. Her har vi alle noko å strekke oss etter, seier ho.

Artikkeltags