Gå til sidens hovedinnhold

Familiedag på Furustrand siste laurdag i august

Artikkelen er over 2 år gammel

Furustrand badeplass og aktivitetsplass er flittig brukt om sommaren både av eigne innbyggarar og av tilreisande.

ØYSTRE SLIDRE: Øystre Slidre Røde Kors og Øystre Slidre kommune vil saman med fleire samarbeidsaktørar invitere alle, familiar og aleinebuarar, nye og gamle innbyggarar, arbeidsinnvandrarar og flyktningar til ein felles aktivtetsdag med gratis is, enkel servering, ballaktivitetar for store og små, padling og roing, førstehjelpsinformasjon og presentasjon av lag og kva for aktivitetar dei kan tilby.

– Vi er så heldige at både Rogne IL og Øystre Slidre IL er med og tilrettelegg for aktivitetar, og Røde Kors og kommunen instruerer og hjelper til med aktivitetar på og i vatnet. Bading er på eige ansvar. Redningsvest i kajakk, båt og kano til låns, fortel Gro Lundby ved Øystre Slidre Røde Kors.

Bygdekvinnelaget og Helselaget vil mellom anna lage enkel mat til deltakarane denne dagen, og 4H vil og vere til stades.

Kva driv eigentleg Røde Kors omsorg med? Kva kan dei tilby innbyggjarane i Øystre Slidre? Kva for rolle har Røde Kors hjelpekorps i lokalsamfunnet? Kva veit du eigentleg om kva Røde Kors bidreg med? Og kva med Frivilligsentralen? Nysgjerrig? Denne dagen får du informasjon om du ynskjer det.

Det blir og underhaldning ved kulturskulen.

– Ikkje gløym å ta med deg kosedyret ditt! Om det er skada eller har vorte sjukt, kan det få god behandling av Røde Kors, avsluttar Lundby.

Kommentarer til denne saken