Innsendt
Det vart reklamert i god tid før arrangementet som resulterte i ein fullsett sal med barn og vaksne! Hovudinnslaget på konserten var «Peter og Ulven». Det er ei symfonisk historie for barn komponert av Sergeij Prokofjev – arrangert for korps.
Historia vart lese av forteljaren Mette Christiansen. Med hjelp av ulike instrument i korpset vart personar og dyr skildra. Korpset hadde fått med seg barn frå bygda og Bente Norli Holden som instruktør.
I dei ulike rollene var Peter: Oddvar Bakken Myrvold, Ulven: Vetle Hegge Blomlie, Katten: Kristina Alund, Anda: Anna Alund, Fuglen: Marit Gunhildgard, Bestemødrer: Sofia Hovi og Amalie Evelyn Nilsen Skolte og Jegerar: Halldor og Iver Hegge Blomlie.
Fine kostyme og flinke barn og dessutan flotte kulisser med bjørketre og andedam, fekk publikum i rett stemning! Etterpå vart det delt ut instrument-quiz med spørsmål frå musikkstykket – med ivrig deltaking av små og store.
Korpset sette seg sjølv i gang med temaet frå «The Pink Panther», og inn frå sida kom den rosa panteren snikande, korpsets eminente dirigent Ole Kristian Nyhagen. Han heldt koken oppe gjennom heile låten!
Norsk dans nr. 2 av Edvard Grieg er kjend for mange som kjenningsmelodi frå Norge Rundt på tv og at Isbilen er i farta. Det var fleire frå salen som kjende att denne musikken. Og jammen kom «Isbilen» med is til alle barna! Dette er dessutan eit hyggeleg stykke der treblåsarane i korpset får vist seg fram.
Korpset spelte også Birdland, Gospel John med improvisasjon på klarinett og trombone, Soul Bossanova og Lord of the Dance. Til slutt spelte korpset nasjonalsongen til Ukraina.
Har du hjarte for korps?
Det er overskrifta på flyer som vart delt ut i alle postkassar i Øystre Slidre i forkant av konserten.
Korpset håpar å lokke til seg gamle korpsmedlemmer, unge vaksne, tilbakeflytta og andre som kan ha lyst til å vera med. Å spela i korps gir både glede og god helse, og er eit tilbod på tvers av alder.
Korpset håpar spesielt å finne fleire treblåsarar – men alle er velkomne!
I høve dette, stilte korpsmedlemmene seg opp på ulike stader i salen for å presentere instrumentet sitt i pausen. Fleire frammøtte nytta anledninga til å sjå og prøve ulike instrument.
Alt i alt ein flott gjennomført konsert som skodespelarar og korpset kan vera stolte av!