VALDRES: Sidan torsdag har Meteorologisk institutt meldt oransje farevarsel for området Innlandet, Agder, Telemark og Buskerud. Frå og med fredag kveld kl. 19.00 var dette varselet oppheva.

Oransje er det nest høgaste farevarselet, og blir sendt ut når konsekvensane blir omfattande for mange menneske, skriv Yr.no.

Meteorologisk institutt melder at vinden austafjells generelt er minkande, og det gjer at det oransje farevarselet på kraftige vindkast er avslutta.

Fleire stader i Innlandet og Valdres har det vore svært kraftig vind, som har skapa store problem for mellom anna trafikken, straumforsyning, telefondekning og breibanddekninga.

32,7 i vindstyrke på Beitostølen

Her er nokre av dei kraftigaste målte vindkasta i Innlandet fredag:

Beitostølen: 32,7

Fagernes lufthavn: 31,8

Filefjell: 30,5

Evenstad: 25,0

Tynset: 24,0

Otta: 22,9

Lillehammer: 22,6

Venabu: 22,4

Trysil vegstasjon: 17,3

Drevsjø: 19,7

Hamar: 18,9

Fagernes: 16,7

Oppdatert kl. 20.00. Høgfjellsstasjonar er ikkje tekne med.