Fekk avslag på motorferdsel i utmark for frakt av ved og for å halde tilsyn med fiskebuer ved Vinstern

Ein grunneigar ved Vinstern søkte om dispensasjon frå forbodet mot motorferdsel i utmark for frakt av ved, samt halde tilsyn med to fiskebuer som ligg ved Vinstern. Til transporten ønsker han å nytte snøskuter eller ATV med belte. Dette avslo formannskapet ettersom det allereie er ei eksisterande leigekøyringsordning for området.