Fekk byggjeløyve til veg over Grytebekkosen. Merknaden frå grunneigar vart ikkje teken til følgje

Grunneigar Knut Oddvar Rogne har kjempa for å unngå ein bilveg over grunnen sin i Grytebekkosen, men no har kommunen godkjend reguleringsplanen og formannskapet har ikkje gitt klaga utsetjande verknad. Det vil seie at hytteeigarane kan setje i gang arbeidet.