Felekonsert med basar i Etnedal
Øvd: Oda Amalie Lund og Julie Skogstad har gjennom vinteren øvd på eit konsertprogram med folketonar og klassiske melodiar. Foto: Kari Skogstad
Artikkelen er over 1 år gammel
To fiolinelevar i kulturskulen i Etnedal heldt tysdag denne veka ein flott konsert i Brusveen grendahus i Smiugardsbygde i lag med læraren sin, Bente Hemsing.
Etnedal: Dei to elevane, Oda Amalie Lund og Julie Skogstad, har gjennom vinteren øvd på eit konsertprogram med folketonar og klassiske melodiar med mål om å ha konsert med basar. Mødrene hadde samla inn gevistar frå gåvemilde butikkar i Etnedal og på Dokka. Heile Smiugardsbygde var invitert til konserten, og oppmøtet var strålande. Kveldens konsert og basar gav kr 3.000 som blir overført til Kreftforeningen.
Kommentarer til denne saken