Gå til sidens hovedinnhold

Festivalsamarbeid for lokale grønsaker

Med mål om mest mogleg lokalproduserte grønsaker til matserveringa på Vinjerock møttest ein god gjeng i drivhuset på Lund Arbeidsbase førre veke for å få frøa i jorda.

– Vi ynskjer flest mogleg lokale matvarer på festivalen og akkurat dette med grønsaker frå grenda har vi prata om i mange år. At det no skjer er skikkeleg artig og det blir spanande å sjå kva som faktisk vert klart til festivalstart, fortel Sigrid Skjerdal, festivalsjef for Vinjerock.

Det er eit trekløversamarbeid mellom Vinjerock, arbeidsbasen på Lund og den ferske grønsakbonden Eirik Høyme Rogn som står bak initiativet.

Omstilling for Vinjerock

Utan festival i fjor fekk Vinjerock tid til å utvide fokuset frå festivalgjennomføring til utvikling av nye idear. Det som byrja som ein mål om å ta tak i eigen kompostering har no utvikla seg til noko meir.

– Det synte seg at det var mange krav i botn om ein skulle produsere mat i nykompostert jord, då passa det særs godt at Eirik hadde ynskjer om å gå i gang med grønsakproduksjon og kan gå inn i rolla som leverandør til festivalen, fortel Maria Sivertsen.

Ho er i utgangspunktet transportsjef på Vinjerock, men med både pedagogikk- og agronomutdanning i sekken har ho også engasjert seg i dette prosjektet.

– Hovudmålet i år for vår del er å finne ut kva vi kan få klart til festival og leike oss med færrast mogleg avgrensingar. Av dei om lag femti ulike plantane vi set no er det ulike typar salat, kål, småpotet, krydderplanter og mykje anna. Kokkane våre gler seg stort til å komponere menyar ut frå det som vert klart!

Ved sida av grønsakproduksjonen vert det i desse dagar oppretta fleire ulike kompostbingar i regi av Vinjerock der dei skal sjå i praksis kor bra kompostjord det vert av til dømes bestikk, glas og tallerkar frå ulike leverandørar av nedbrytbare produkt.

Læring og utfordring

Arbeidsbasen på Lund stiller med drivhus, arbeidskraft og entusiasme inn i prosjektet.

– Det er veldig ålreit for oss å samarbeide med nye fjes og dagen i dag handlar mykje om å finne ut arbeidsoppgåver som passar til kven. Vi ynskjer å bidra etter beste emne, og samstundes lære og utfordre oss sjølv, fortel Marit Gjærdingen ved Lund arbeidsbase.

Etter fyrste runde med planting er det vatning, luking og innhausting som i all hovudsak er oppgåvene gjengen på arbeidsbasen ser for seg å ta.

– Vi skal også halde på med utplanting på kyrkjegardar, andre planteoppdrag, stemorsproduksjonen, ope gartneri, catering, vedproduksjon og anna. Det kjenst bra å utvide sesongen i drivhuset gjennom dette samarbeidet og få prøve seg på noko nytt!

Fersk grønsakbonde

For bonden sjølv har tanken om grønsaker vore der eit par år, men initiativet frå Vinjerock og interessa frå Lund vart sparket han trengde for å koma i gang.

– Det er mykje entusiasme og relativt lite kompetanse for min del, men kunnskapen i denne gjengen og det at fleire dreg lasset saman gjer at det kjenst som rette tida å satse, fortel Eirik Høyme Rogn.

Han set opp ein dyrkingstunnel på garden Nedre Lund denne våren og etablerar samstundes eit lager – og distribusjonsrom som gjer det mogleg å satse større på sikt.

– Det vert eit halvt mål økologiske grønsaker på friland i år, men må sikt kan det vera kapasitet for ein marknadshage på opp mot fire-fem mål, fortel Høyme Rogn.

Ved sida av Vinjerock, ser han for seg å levere til lokale serveringsplassar, reiselivsbedrifter og til privatmarknaden.

– Solbæra og tomatane har gått føre og synt det er mogleg å få fram dei beste produkta sjølv om vi er relativt høgt til fjells. Det hadde vore artig om det vert eit miljø med meir bær, grønsaker og frukt frå fjellbygda Vang i åra som kjem.

Kommentarer til denne saken