Etterpåklokskap er også klokskap. Etterpåklokskap gir erfaring og grunnlag for å vurdere kva tiltak som bør, må, kan og absolutt ikkje bør setjast i verk ved neste krise. I etterpåklokskapens lys må me ta inn over oss at born og unge bar ei for tung bør under koronapandemien.

Då skulane og barnehagane vart nedstengt 12. mars i 2020, skjedde det mellom anna på grunnlag av at fleire kommunar sjølve sa dei kom til å stenge ned. Mange foreldre ynskte også å halde ungane vekke frå barnehage og skule. Eit virus ingen heilt visste korleis ville råke og kor farleg kunne bli, måtte stoppast.

I krisesituasjonar er noko av det vanskelegaste å velje dei rette tiltaka for å motverke krisa. At Aavitsland meiner det var eit for inngripande tiltak overfor born og unge, har han truleg rett i. Mange elevar stod brått utan eit skikkeleg tilbod, eller tilbod i det heile teke. Elevar som trong å ha skulen som fristad, mista tilbodet over natta. Born og unge har slite med å koma seg attende på skulen og i normalt gjenge. Kva konsekvensane blir på lang sikt for desse borna, veit me ikkje endå.

FHI argumenterte fleire gongar under pandemien for mindre inngripande tiltak, men møtte motbør frå kommunar og Helsedirektorat. Ikkje uventa får Aavitsland motbør frå Espen Nakstad i Helsedirektoratet. Han meiner skulenedstenging synte seg å vera eit effektivt tiltak, sidan det våren 2020 var lite smitte i Noreg.

Isolert sett har Nakstad rett. Å bremse koronasmitta var jobb nummer ein dei fyrste vekene og månadane. Nedstenging av skulane skjedde utan at det fanst gode nok planar og tiltak for å ta vare på sårbare barn og unge. Men det hadde ein kostnad, og det kjem ikkje kommunane, Nakstad, Helsedirektoratet eller politikarane, som til slutt valde å stengje skular og innføre inngripande tiltak overfor barn og unge, unna.