Fotoutstilling og bokpresentasjon på Filefjellstuene 4. og 11. oktober

Foto:

Geografiprofessoren Anders Lundberg, som nyleg har gitt ut ei bok om Filefjell, er sjølv hytteeigar i Nystuen hyttegrend. Han er også ivrig og habil naturfotograf. Ein stor del av bileta i bokverket har han sjølv teke.

DEL

FILEFJELL: I samband med haustferien har Lundberg utstilling av eit utval naturbilete på Filefjellstuene. På ettermiddagen fredag 4. og fredag 11. oktober vil han også presentere boka si nærare i tillegg til at det altså blir mogleg å kjøpe bileta som han har utstilt.

Lundberg fortel at bileta blir produsert i kun eit eksemplar og laga i format 50 x 75 cm, og for å sikre best mogleg attgjeving blir dei trykt på aluminiumsplater.

Lundberg fortel om stor interesse for boka som kom denne sommaren. Og han syns det naturlegvis er ekstra hyggeleg å kunne presentere boka og vise naturfotografii for lokalpublikumet på Filefjellstuen. I byrjinga av desember skal Vang han sin årvisse bokkveld. Her vil også Lundbeg vera tilstades og fortelja om boka og arbeidet med å få den i stand.

Snøull: Boka om Filefjell, natur, folk og landskap inneheld fleire hundre bilete. Professor Anders Lundberg er også habil fotograf og har denne og neste veke fotoutstilling på Filefjellstuene. Her er eit av bileta du kan finne på utstillinga.

Artikkeltags