Norske Redningshunder med kurs og skredøving på Filefjell

Norske Redningshunder arrangerer sitt Hovedkurs Vinter Sør-Norge i Tyin-området i uke 11 i år (9 – 17
mars) for åttende år på rad.

Norske Redningshunder arrangerer sitt Hovedkurs Vinter Sør-Norge i Tyin-området i uke 11 i år (9 – 17 mars) for åttende år på rad. Foto:

Norske Redningshunder arrangerer sitt Hovedkurs Vinter Sør-Norge i Tyin-området i uke 11 i år (9 – 17 mars) for åttende år på rad.

DEL

Filefjell: Norske Redningshunder har 45 hundeekvipasjar i området denne veka, både trenings og godkjenningslag, samt eit eige kurs for godkjente ekvipasjar som skal ha som tema "Førsteinnsats i skred" med trening under mest mogleg realistiske forhold.

Dei forskjellige laga får oppgåver som skal løysast kvar dag heile veka for å vise at dei held nivå og godkjenning som lavinehund, noko som er eit symbol på at dei er klare til å vere ein resurs når det verkeleg gjeld.

– Me har samarbeid med Røde Kors sine hjelpekorps i Valdres, Norsk Folkehjelp i Årdal, Tyin Ski, og politiet i Valdres og det vil komme luftstøtte frå politihelikopteret, Norsk Luftambulanse og Superpuma fra CHC i Florø i løpet av veka, fortel kursleiar Knut Skår i ei pressemelding.

Det vil i løpet av veka bli arrangert forskjellige øvingar der samarbeid og samhandling med alle desse forskjellige aktørane vil bli tema.

Den store øvinga laurdag

Laurdag 16 mars vert veka avslutta med ei stor øving som vert leia av politiet, der dei fleste av aktørane som vert utkalla til snøskred stiller. Det vert då lagt opp til eit stort skred så reelt som mogleg der alt involvert mannskap får testa seg i det å samarbeide med andre. Her blir det oppgåver med koordinering, organisering, logistikk, samband, transport, overflatesøk, søk med elektroniske hjelpemiddel (s/m), sondelag, søk med hund, utgraving og ivaretaking av pasientar med transport til helikopter/sjukebil. Alt dette er ting som møter hjelpemannskap i ein reel situasjon, så slik trening kan vere ein avgjerande suksessfaktor når det står om minuttar.

Artikkeltags