Bakom scenene på Snømannen

Bygdekinoen i Vang: Søndag vart filmen Snømannen vist i Vang. Ragnhild Lund var hovudtillitsvald under innspelinga. Til høgre, ei av eldsjelene for kinoen i Vang, Elisabeth Hålien.

Bygdekinoen i Vang: Søndag vart filmen Snømannen vist i Vang. Ragnhild Lund var hovudtillitsvald under innspelinga. Til høgre, ei av eldsjelene for kinoen i Vang, Elisabeth Hålien.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Eg kan bekrefte omtrent alt som har kome fram i media om tilhøva under innspelinga av denne filmen, sa Ragnhild Lund på Bygdekinoen i Vang søndag kveld..

DEL

Oslo/Vang: – Her var ikkje arbeidsmiljølova eller helse, miljø og sikkerheit (HMS) mykje verdt. Som hovudtillitsvald for dei nesten 400 norske arbeidstakarane som i løpet av innspelinga var delaktige i filmen, hadde eg ein stri jobb.


Stilte spørsmål

Ragnhild Lund er glad jobben er over. No har ho lagt arbeidet i Oslo bak seg, og flytta til Vang. Her viste Bygdekinoen Snømannen søndagskvelden, den mykje omtala filmen over boka til Jo Nesbø. Elisabeth Hålien og Anine Rauken Kattevold som i fem år har organisert kino i Vang, hadde invitert Ragnhild Lund til framsyninga. Etter filmen kunne dei som ville, stille spørsmål og ta ein prat om korleis ho opplevde hektiske innspelingsdagar.


Røter frå Vang

– Far min, skodespelar Rolf Arly Lund, vaks opp på Kvismoen, og eg følte no det var naturleg å ta steget tilbake røtene, fortel Ragnhild. Ho har gått i fotspora hans yrkesmessig også, og jobbar som sjølvstendig dramatikar og regissør. No nyt ho livet i fjellbygda, og har fleire spennande planar her. Det kjem vi attende til litt seinare i haust.


God Norges-reklame

– Eg hadde faktisk ikkje sett filmen før i kveld, og er nok langt på veg einig med dei kritikarane som har gitt få prikkar på terningen. Det var vanskeleg å få tak i alle personane som er med, og det var ein del logiske bristar, meiner ho. At ein måtte innom Atlanterhavsvegen for å koma frå Oslo til Telemark, var ein av detaljane ho merka seg.

– Dette er kanskje av mindre betyding for det utanlandske publikummet, men eg reagerte på ein del brå skifte i geografi og bildebruk. Likevel må eg innrømme at filmen er bra norgesreklame, seier ho.


Kulturkollisjon

Mest arbeid hadde Ragnhild Lund med dei som ikkje var fagorganiserte.

– Ja, desse hadde som regel dei verste arbeidsforholda, og var dei som tok mest kontakt med meg. Men, legg ho til, etter kvart fekk vi betre dialog med produsentane, og ting fungerte. Om arbeidet var hardt og trøyttande, var tilbakemeldinga frå mange at dei hadde lært mykje. Ein ting ho beit seg godt merke i, var forskjellen i kultur mellom nordmenn og det engelske teamet som laga filmen.

– Engelskmennene var mykje meir hengt opp i eit hierarki, og hadde ofte ei nedlatande haldning til dei under seg. Slikt opplever vi sjeldan her. Om våre folk ikkje hadde leiande posisjonar, jobba alle hardt og sto på slik gode dugnadsarbeidarar gjer, summerer Ragnhild Lund opp.

Ikkje så mange hadde teke turen til Vang barne- og ungdomsskule (VBU) denne kvelden. Kanskje var den nokså negative kritikken ein av grunnane til det. Men dei som var der var nokså fornøgde.

– Ja, dette var overraskande bra. Eg syntest det var god regi, men historia vart litt for komplisert. Eg skjønte ikkje alltid korleis ting hang saman. Likevel forstår eg ikkje heilt kvifor denne filmen har fått så dårlege kritikkar, meinte Gunnar Baden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken