Gå til sidens hovedinnhold

Finst det eit trygt internett?

Me er godtruande nok til å tru at dei vil oss vel. Slik er det ikkje.

Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Denne kronikken kjem til å vera litt teknisk, og då veit eg at fleire lesarar ramlar av lasset. Eg kjem òg til å oppmode dei attverande lesarane om å endre ein eller annan vane, og då mistar eg vel endå fleire. Skulle det vera att ein lesar eller to når me kjem til enden, får lokkemiddelet vera at det kan hende det er noko nyttig å hente undervegs.

Mykje har nemleg skjedd på nettfronten den siste tida. Slakterisamvirke, kommunar, Brønnøysundregistra og jamvel vår kjære lokalavis har stoppa nesten heilt opp på grunn av datainnbrot.

Det er alvorleg av fleire grunnar: For det fyrste viser det at til og med vesle Valdresen, som samarbeider med Amedia-konsernet, er det nokon som synest det er bryet verdt å laga trøbbel for. For det andre syner det at me har bytt ut navlestrengen med ein nettverkskabel. For det tredje syner innbrota at du og eg kan bli svindla på nett like så radt som eit stort firma. Den siste lærdomen er at me er for dårleg budde på og vande med livet på nettet.

Eg prøver ikkje å fortelja topptrente IT-ingeniørar i Amedia korleis dei skal gjera jobben sin. Heller ikkje vil eg rette peikefingeren mot hardtarbeidande typografar og journalistar i Valdresen. Alle desse er mykje flinkare enn eg. Når innbrota og driftsstoggen likevel er eit faktum, må det vera lov å seia noko om korleis me, og då meiner eg heilt meinige valdrisar, bør bera oss åt på nettet.

Det enklaste me kan gjera, er å sjå til at me fungerer utan nett. Dersom du satsar heile yrkesutøvinga di på at nettenestene du bruker alltid skal vera oppe, vil du gå på hovudet meir enn ein gong. Syt for at du kan gjera det viktigaste av jobben din sjølv om du er heilt fråkopla. Ha programma du treng på sjølve datamaskina di, ikkje berre i villan sky.

Mange av oss jobbar med data, altså med filer og opplysingar. Dersom du har viktige filer ein plass, er det ein plass for lite. Typografane i herverande avis fekk ikkje ein gong tak i logoen til avisa under datainnbrotet. Ein ekstern harddisk med viktige filer kunne kanskje løyst det. Ta tryggingskopiar ein hende gong, og helst til noko som ikkje er tilkopla nettet. Ein harddisk eller to som ligg i ein skuff og aldri ser dagslys er bra. For verkeleg livsviktige filer bør du ha ein harddisk til som ligg i eit anna hus, men vanlege folk treng ikkje trippelsikre seg på den måten.

Viktigare for oss andre u- og halvstuderte røvarar er at me alltid ser på internettet som utrygt. Nordmenn er lette å lure. Det er ikkje rart at kjeltringane går etter oss, for det løner seg. Å svindle nordmenn gjev god timebetaling. Me klikkar vilt på det eine og det andre, og lèt oss lure til å gje frå oss personnummer, bank-ID-kodar, passord, VISA-kort og passkopiar.

Me har ikkje vant oss til dette. Me har berre hatt internett nokre få tiår og smarttelefonar endå kortare, og me er godtruande nok til å tru at dei vil oss vel. Slik er det ikkje. Eg skulle tru at inngrodd skeptiske valdrisar har ein fordel her, dei som myser mistruisk på telefonar med skjerm og held seg godt unna data. Det er de som har rett, og fleire burde gjera som dykk. Smarttelefonen din spionerer på deg, og kvar app du installerer kan vera ei dør inn i stova di. Avinstaller!

Det kan i det heile vera ein god ide å bryte seg laus litt meir. Legg att telefonen heime no og då. Bilete av ungane og barneborna dine har ingenting på Facebook å gjera, og i grunnen har ikkje du det heller. Meld deg av, sei opp, logg ut, slepp fri.

Til sist er det slik at me har fått dette nettet opp i hendene utan at me eigentleg heilt veit kva det er. Skorten på kunnskap om kva nettverk er, kven som eig dei tenestene me bruker og korleis appane, datamaskinene og telefonane våre fungerer, gjer oss meir sårbare. Me må vera flinke og ta tranen vår. Det er keisamt og uinteressant, men må til. Skaff deg kunnskap om tryggleik og personvern på nett. Nettvett.no og Wikipedia har litt stoff, start gjerne der.

Kommentarer til denne saken