ØYSTRE SLIDRE: Kommunelege Arild Jacobsen opplyste fredag at det var kommen melding om to nye positive PCR-testar torsdag 25. november.

– Dette betyr at det per 26. november klokka 12.30 er registrert til saman 42 positive PCR-testar i kommunen i samband med det pågåande smitteutbrotet (sidan 15. november), skriv Øystre Slidre kommune på heimesida si fredag.

Sidan då har to tilfelle til vorte påvist i kommunen, ifølgje tal frå MSIS.

Alle skular og barnehagar råka

– Det er i hovudsak i grunnskulen smitta er registrert. Alle skular og kommunale barnehagar har gjennom utbrotet registrert eitt eller fleire smittetilfelle (av barn og/eller tilsette), opplyser kommunen.

Kriseleiinga i Øystre Slidre kommune hadde den 23. november eit møte der det også deltok representantar frå Statsforvalteren og FHI, går det fram.

Med bakgrunn i råd som kom fram i dette møtet, vart det sett i verk massetesting av alle grunnskuleelevane – det vil seie tre dagar med testing per elev – med sikte på å kunne avvikle gult tiltaksnivå så snart som råd.

– Siste dag med massetesting er sundag 28. november. Massetestinga har så langt vist to nye positive hurtigtestar, begge kom 26. november, og begge i 5. trinn på Lidar skule, skrev kommunen fredag.

På bakgrunnen av dette, beslutta kriseleiinga i kommunen i eit møte fredag 26. november at ordninga med gult tiltaksnivå i grunnskule og barnehage skulle opphøyre frå den dagen.

Ta smittevern på alvor

– Etter massetestinga er over, vil kommunen gå tilbake til ei ordning der det blir gjennomført omfattande testing på dei klassetrinna der det eventuelt blir registrert smitte. Føresette på berørte trinn vil få melding om dette blir aktuelt.

Aktivitetar på fritida kan gå som normalt, skriv kommunen, men kommuneoverlegen tilrår at smittevern får særleg merksemd så lenge det er kjent smitte i kommunen.

– Vi minner elles om at alle som har symptom på covid-19 må halde seg heime og teste seg. Om du har symptom bør du ta kontakt med kommunen sin koronatelefon 480 33 587.

Koronatelefonen er bemanna kvardagar i tidsrommet 9–11. Sundag 28. november er denne bemanna mellom klokka 10 og 12.

Testing (PCR) vil skje etter avtale, opplyser kommunen.