Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye smitta i Øystre Slidre

Fire personar har 1. april fått påvist koronaviruset i Øystre Slidre. Det opplyser ordførar Odd Erik Holden.

ØYSTRE SLIDRE: Dei fire som no har testa positivt er personar som har sete i karantene i samband med det pågåande smitteutbrotet i kommunen.

– Det er slik sett ikkje heilt uventa, seier ordførar Odd Erik Holden.

Les også

Har anmeldt utelivsaktøren for mulig brudd på smittevernreglene

Ingen nye tiltak

Ettersom personane allereie sat i karantene, og tiltak i samband med utbrotet alt er sett inn, blir det ingen endringar i tiltaka i kommunen, opplyser ordføraren. Naturlegvis med unntak av at dei smitta går frå å vere i karantene til isolasjon.

Ingen nye er sett i karantene som følgje av dei fire nye smitta som vart registrert 1. april.

– Me føler me har bra oversikt over dette utbrotet, sidan me raskt fekk sett folk i karantene – nærkontaktar i smittekarantene og andre i ventekarantene, seier Holden.

Kommunen sette krisestab fredag 26. mars, og kriseleiinga har jamlege møter for å følgje opp situasjonen. Smittesporingsteamet i kommunen har hatt eit omfattande arbeid dei siste dagane.

13 smitta totalt

Til saman er 13 personar smitta av koronaviruset i Øystre Slidre sidan fredag 26. mars, 12 av dei i samband med utbrotet på Beitostølen.

Ein person som fekk påvist smitte onsdag vart smitta utanfor kommunen.

Les også

Nytt smittetilfelle i Øystre Slidre – ingen samanheng med smitteutbrotet

Blant dei smitta er eitt barn i Beito barnehage.

Påverkar barnehagen

Sjølv om alle andre barn og tilsette i barnehagen har testa negativt, har kommuneoverlege Arild Jacobsen bestemt at barna og dei tilsette framleis er i smittekarantene, opplyser Øystre Slidre kommune på heimesida si.

– Alle skal testast på nytt søndag 4. april, og vil bli frigjort frå karantene om dette testresultatet er negativt, skriv kommunen.

Beito barnehage er stengt frå måndag 29. mars og inntil vidare.

Ute av ventekarantene

Kommunen skriv at det tysdag 30. mars gjekk ut melding til 157 personar om at dei var sett i ventekarantene. Dette vart gjort av forsiktigheitsomsyn, men kommunen gjekk med dette lengre enn det som kan heimlast i den sentrale covid-19-forskrifta, då det berre er husstandsmedlemmer og andre svært nære nærkontaktar som kan settast i ventekarantene.

Dei som vart sett i ventekarantene utan forskriftsheimel har blitt oppringt av kommunen, og er no ute av karantene.

Når det gjeld husstandsmedlemmer, har kommunelegen bestemt at desse er i ventekarantene så lenge dei har eit husstandsmedlem som er i smittekarantene, opplyser kommunen.

Kommentarer til denne saken