Øystre Slidre: Per 3. desember kl. 1600 er det registrert til saman 53 positive PCR-testar i kommunen sidan 15. november. Det skriv Øystre Slidre kommune på sine heimesider.

Berre på Lidar skule

Det er ikkje rapportert om nye positive hurtigtestar i grunnskulen dei tre siste døgna. Alle skular og kommunale barnehagar har sidan 15. november registrert eitt eller fleire smittetilfelle (av barn og/eller tilsette), men den siste veka har det berre vore registrert smitte i 5. og 6. trinn ved Lidar skule.

Det blir gjennomført omfattande testing på dei klassetrinna der det ev. blir registrert smitte. Føresette på berørte trinn vil få melding om dette blir aktuelt.

Aktivitetar som normalt

Aktivitetar på fritida kan gå som normalt, men kommuneoverlegen tilrår at smittevern får særleg merksemd så lenge det er kjent smitte i kommunen.

Øystre Slidre kommune minner elles om at alle som har symptom på covid-19 må halde seg heime og teste seg:

«Om du har symptom bør du ta kontakt med kommunen sin koronatelefon 480 33 587. Denne er bemanna kvardagar i tidsrommet 9-11, og vil vere bemanna laurdag 4. desember og sundag 5. desember i perioden mellom kl. 10 og 12. Testing (PCR) vil skje etter avtale».