Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye tilfelle av covid-19 i Vestre Slidre – to av dei er elevar på mellomtrinnet

Det er tysdag bekrefta fire nye tilfelle av covid-19 i Vestre Slidre. To av dei er elevar ved Slidre skule, medan dei to andre er vaksne personar som er nærkontaktar til tidlegare smitta.

Slidre: Det har vore travle dagar for kommuneleiing og kommuneoverlege i Vestre Slidre denne veka. Alle dei nye tilfella er nærkontaktar og var allereie i karantene. Desse er no sett i isolasjon.

– Vi har testa nokre fleire nye nærkontaktar i dag, som ei fylgje av dette. To av dei nye tilfella var på mellomtrinnet ved Vestre Slidre skule. Skulen held som planlagt stengt onsdag 14. april, seier kommuneoverlege Siw Odden Fosheim.

Kommunen jobbar framleis med å verifisere alle prøveresultat og kvalitetssikre smittesporing.

– Vi vil nytte morgondagen til å vurdere kven som eventuelt kan kome tilbake på skulen frå torsdag 15. april. Heimeundervisning er igangsett, og det er elles inga endring i stengde stader som fylgje av utbrotet, seier kommuneoverlegen.