200 fjellgriser på veg ned til bygda

Bufardag: Både store og små var med på å følgje 200 fjellgriser ned frå fjellet på laurdag. Laurdag 7. oktober er det ny sjanse til å vera med.

Bufardag: Både store og små var med på å følgje 200 fjellgriser ned frå fjellet på laurdag. Laurdag 7. oktober er det ny sjanse til å vera med.

Artikkelen er over 1 år gammel

Julegrisen kjem snart til ein fryseboks nær deg.

DEL

BREIDSETSTØLANE: Laurdag før og etter haustferien er ein dag å merke seg. I alle fall om ein ynskjer å følgje fjellgrisen ned frå fjellet. Folk kjem frå alle kantar for å vera med.

Grisebøndene Knut Ødegård og Ragnhild Mobæk har med seg døtrene Olea og Sigrid, og heldigvis er det mange fleire som har møtt fram. Det er grått og regntungt på Breidset, men det regnar ikkje.

– Vêret er kanskje ikkje så bra, men det er perfekt griseflyttarvêr, seier Knut og ynskjer velkomen.

Han fortel at her er folk frå Valdres, hyttefolk, og jamvel folk frå Røros, Brønnøysund og Svolvær. Nokre har vore med før, men for mange er det fyrste gongen dei gjeter griser.

– Grisen skal følgje vegen i vel 5 kilometer. Vår jobb er å syte for at ingen stikk til skogs, eller flyg oppover igjen. Det beste er om de kan gå langs vegkanten, de må ikkje sperre for grisene, forklarer Knut.

Han demonstrerer korleis ein kan få ein litt uvillig gris til å gå framover.

– Han likar ikkje å bli tatt på ryggen. Og om dei legg seg ned og ikkje vil gå, då kan de ta på halsen under haka. Det er det verste grisen veit.

Og så går vi. 220 griser og ein gjeng med urøynde gjetarar, og nokre hundar. Hundane går bakerst, og syter for at det blir litt fart i flokken. Halvvegs er det kaffi og bollar, og etter vel tre timar er alle grisene framme på det nye beitet sitt. Det ligg lunare til, i skogen. Her skal dei bu til dei blir henta for slakting.

Fjellgris frå Valdres har eigen facebookside, her kan de sjå film og bilete frå gjetinga.

Artikkeltags