Gå til sidens hovedinnhold

Fjellsbygdvegen stengd i fire veker

Fylkesveg 2466 i Etnedal skal byggjast om, og blir stengd i fire veker frå og med 21. juni.

Etnedal: Som eit ledd i byggjeprosjektet på fylkesveg 33 mellom Tonsåsen og Bjørgo skal fylkesveg 2466 i Etnedal byggjast om. Det strekninga nærmast Tonsåsen det gjeld, skriv Innlandet fylkeskommune i ei pressemelding.

Arbeidet tek til måndag 21. juni og varer ut veke 28, det vil seia fram til 19. juli. Det er ei om lag 600 meter lang strekning inntil krysset med fylkesveg 33 som blir stengd.

Betre trafikktryggleik

Årsaka til ombyggjinga er at fylkesveg 33 er lagt opp der fylkesveg 2466 frå Fjellsbygdi kjem opp. Det nye krysset skal bli meir oversiktleg og trafikksikkert, og gje lettare tilkomst til fylkesveg 33.

Det blir skilta omkøyring om Bruflat på fylkesveg 2444 Venstrevegen i perioden Fjellsbygdvegen er stengd.

Mindre trafikk om sumaren

Arbeidet blir utført no fordi mange har sumarferie og det er mindre trafikk til og frå jobb og skule, opplyser byggleiar Rune Bratteng i Innlandet fylkeskommune.

– Me håpar at innbyggjarane i Fjellsbygdi har forståing for at me må stenge vegen i fire veker for å få den bygd om. Ombyggjinga vil gje trafikantane ein meir trafikksikker tilkomst til det viktige vegsambandet mot Dokka, Bagn og Fagernes, seier Bratteng.

Kommentarer til denne saken