Einsemd blir definert som eit sakn av sosial kontakt, ei vond kjensle av å ikkje ha tilstrekkeleg eller tilfredsstillande kontakt med andre. Ein skil ofte mellom to typar einsemd: situasjonsbestemt einsemd som skuldast endra sosiale relasjonar, og kronisk einsemd som er personar som har følt seg einsame lenge, kanskje heile eller store delar av livet.

Einsemd er ein av våre største folkehelseutfordringar. Det er bra at det under pandemien har vore auka fokus på dette. Det må ikkje gøymast vekk – det må snakkast meir om.

Nokre er meir utsett for einsemd enn andre. Dei eldste i befolkninga er ein av dei gruppene. Nesten 4 av 10 eldre over 80 år føler seg einsame. Dei er ofte utsett for situasjonsbestemt einsemd ved at dei har blitt aleine og at omgangskretsen stadig blir mindre. Eldre er òg sårbare frå før fordi dei gjerne har helseutfordringar, er ferdig i jobb og manglar noko meiningsfullt å gjere i kvardagen.

No rapporterer òg fleire unge om einsemd enn tidlegare. Studiar frå UngData og Studentane si helse- og trivselsundersøking syner at omkring 3 av 10 unge opplever einsemd.

Koronapandemien ser også ut til å ha ført til meir einsemd. Ei undersøking gjennomført av Folkehelseinstituttet i Oslo, Agder, Nordland og Vestland i 2020 viste at særleg unge og aleinebuande sleit med einsemd og psykiske plagar under pandemien, og at 1 av 3 studentar følte seg einsame. Samtidig tyder fleire undersøkingar på ei langsiktig auking av einsemd også før pandemien.

Einsemd er ein stor risikofaktor for psykisk uhelse og redusert livskvalitet. Ved å førebyggje og redusere einsemd, kan vi ta tak i problema før dei veks seg større. Om ein er einsam over tid, kan problema balle på seg og situasjonen bli verre.

Vi må ta einsemd på største alvor. Solberg-regjeringa jobba aktivt med å førebyggje og redusere einsemd og stigma knytt til det. Når vi ser at fleire blir einsame, må vi ta ytterlegare grep. Difor fremjar Høgre fleire forslag i Stortinget.

Høgre meiner at det offentlege må ta sin del av ansvaret gjennom ein tydeleg handlingsplan og meir forsking. Gjennom betre kunnskap om omfang og årsaker til einsemd vil vi få betre moglegheiter til å førebyggje og sette inn tiltak som faktisk fungerer. Samtidig kan vi alle gjere ein innsats. Det handlar om å sjå menneska rundt seg.

Gjennom ein brei samfunnsdugnad og samarbeid mellom det offentlege, næringslivet, frivilligheita og organisasjonslivet, må det skapast eit mangfald av møteplassar og fellesarenaer som kan gjere vegen inn i fellesskapet lettare for dei som opplev at einsemd dominerer kvardagen.