Gå til sidens hovedinnhold

Fleire får fiber det neste året

Til jul neste år har alle som ynskjer det fiber i Øye/Nedre Dalen, området mellom Vennis-Neset-Dalsbru og i Høresbygde.

VANG: Tysdag skipa Telenor til informasjonsmøte om den komande breibandutbygginga på Mjøsvang kafé, der ordførar Vidar Eltun ynskte velkommen og orienterte om kva som har skjedd i Vang og Valdres så langt.

– Det er mange gode grunnar til å kople seg på når høvet byr seg no, men det er sjølvsagt opp til kvar og ein å bestemme kva ein vil, sa Eltun.

Når denne runda med utbygging er i mål, er det berre nokre få adresser att i Vang utan fibertilbod. Det er Valdres Natur- og Kulturpark som koordinerer breibandutbygginga i Valdres, i tett samarbeid med kommunane. Totalt vert det nytta 68 millionar offentlege kroner i denne runda.

Telenor informerte

Telenor, representert ved Stian Larsen, orienterte om prosjektet som skal i gang i 2021. No bruker dei tida på å selje breibandløysing til husstandane i aktuelle område i Vang.

– Det enklaste er å gå på nettsida og leggje inn bestilling. (NB – det feiler på nokre adresser, Telenor er på saka og har lova å fikse det i løpet av nokre dagar) Vi kjem også til å ta runda frå dør til dør på kveldstid i tida som kjem, for å informere om tilbodet, fortalde Larsen.

Kostnadane for å fiber er eigendel på 4990,- for framføring til tomtegrense. Oppå dette lyt ein velje kvar for abonnement ein vil ha. Dette har bindingstid på eit år.

– All utbygging skal etter planen vera gjennomført i løpet av 2021 med kopling av nett i perioden oktober til desember. Eg oppmodar alle om å ha god dialog med entreprenøren OneCo under utbygginga og elles vente med å si opp noverande avtalar til alt er avklara, sa Larsen.

Telenor hadde ikkje fått ut beskjed til alle aktuelle husstandar om tysdagens møte. Om nokon ynskjer eit nytt informasjonsmøte med Telenor, vert dei oppmoda til å ta kontakt med Vang kommune på e-post.

– Ved få henvendingar tek vi direkte kontakt og informerer, men om mange ynskjer nytt møte tek vi turen opp att, forsikra Larsen.

Han oppmodar også eigarar av hus eller fritidsbustad i kringliggjande område om å melde interesse no, då dei ynskjer å strekke seg langt for å gje flest mogleg eit tilbod.

Kommentarer til denne saken