Gå til sidens hovedinnhold

Fleire fekk ikkje avisa torsdag morgon

Fleire papiravis-abonnentar i Vang vart møtt av ei tom postkasse i dag tidleg.

VANG: Ein feil førte til at om lag 55 papiravis-abonnentar på austsida i Vang ikkje fekk torsdagsutgåva av «Valdres».

Truleg har det vore pakka feil ein eller annan stad i prosessen. Det førte til at postbodet hadde med seg 61 utgåver av Hamar Arbeiderblad, i staden for avisa Valdres.

No er dagens utgåve av «Valdres» pakka på nytt, og postbodet tek ein ny tur opp til Vang for å få levert avisa til abonnentane.

I løpet av ettermiddagen og kvelden vil alle ha fått papiravisa. Klarar du ikkje å vente, kan du gå inn på E-avisa her for lese dagens utgåve digitalt.

Avisa Valdres beklagar.

Kommentarer til denne saken