Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
No har han fått det finaste minnesmerket, om me kan kalle det for det, han kunne få på Maihaugen på Lillehammer. Bureisingsbruket Åseng frå Sør-Fron, som Hovengen tok initiativ til å få flytta til Maihaugen i 2001, står no klart.

– En nabogardbruker fortalte at han aldri hadde sett så mange blålys i dalen som den gangen
I dei fire periodane han sat på Stortinget, var han med både i Landbrukskomiteen og Sosialkomiteen. I engasjementet for bureisarar og småbrukarar kunne han kombinere både sosialpolitikk og landbrukspolitikk. Hovengen stod saman med mellom andre nyleg avdøde tidlegare fylkesmann i Oppland, Knut Korsæth, i bresjen for å løfte fram historia om bureisarane og deira tyding i norsk landbrukshistorie.
På byrjinga av 1900-talet hadde mange nordmenn, ikkje minst frå Valdres, emigrert til «den nye verda». Det tappa landbruket for arbeidskraft at mange unge, potensielle gardsarbeidarar reiste til USA og Canada. Veksten i folketalet på 1800-talet gjorde at mange anten måtte eller valde å flytte ut då sjansen baud seg. Mange valdrisar emigrerte til USA. Og ikkje minst synte fyrste verdskrigen at det å produsere så mykje som mogleg av eigen mat var viktig.
Selskabet for Emigrationens Indskrænkning tok initiativ til bureisinga i Noreg. Totalt vart det etablert rundt 20.000 bureisingsbruk over heile landet. Av dei var 1364 i Oppland fylke, og av dei att var 387 i Valdres. Livet som bureisar var nok ikkje berre berre. Ein måtte dyrke opp jorda sjølv, mange av bruka var små, og mange forsvann også ut av bruk dei neste tiåra.
«Uten Åge Hovengen hadde ikke dette bruket stått her», sa Terje Holen, som engasjerte seg i å føre arbeidet med Åseng vidare frå Hovengen. Åseng har vorte ein flott stad å minnast både bureisaren og Åge Hovengen.