Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Bård Ludvig Thorheim meiner det kan gjera at personar som jobbar eller vil jobbe i det statlege byråkratiet slik kan bu og jobbe kvar dei vil. Han seier til NRK at rekruttering til i staten bør ha fokus på kompetanse og om dei er eigna for jobben, og ikkje bustadadresse. «Arbeidstakere skal ikke diskrimineres til stillinger i staten basert på bosted. Det vil sikre bosetting og verdiskaping i distriktene,» seier han vidare.
Ideen frå Thorheim er svært god, og eit forfriskande bidrag inn i debatten om sentralisering, desentralisering og utflytting av statlege arbeidsplassar. Ikkje minst sidan utflytting av statlege arbeidsplassar har vore vanskeleg å få til utan store konfliktar. Ifylgje NRK auka talet på statlege arbeidsplassar i Oslo med i overkant av 2100 frå 2014 til utgangen av 2018.
Norsk arbeidsliv har vorte langt meir digitalisert sidan nedstenginga i mars i fjor. For mange statlege byråkratar har hovudregelen vore å jobbe på heimekontor. Den jobben kan gjerast uansett kvar ein sit i landet, så sant ein har god nok internettdekning. Det er gjer at det må tenkjast nytt både i plassering av nye statlege oppgåver, men også når det gjeld rekruttering av nye arbeidstakarar.
Når arbeidstakarar kan sitje kvar som helst i landet, må det kunne få konsekvensar for kvar ein rekrutterer frå. Å flytte ut av storbyane er sjølvsagt meir aktuelt når det er enkelt å ta med seg arbeidet. Ikkje minst er det ein moglegheit for lokale og regionale næringshagar og kontorfellesskap. I Valdres har vi til dømes kontorfellesskapa i Hedalen, Vang og på Fagernes som aktuelle og gode modellar for eit arbeidsmiljø som samlar folk på tvers.
Slike kontorfellesskap eller næringshagar er det også mogleg for statlege verksemder å nytte seg av. Kanskje er det også eit langt betre alternativ om tilsette kan sitje i tilrettelagde kontorfellesskap rundt om i landet, i staden for inne i små leilegheiter i hovudstaden. Reint praktisk burde det kunne la seg gjera i framtida å arrangere jamlege, fysiske samlingar for verksemdene, medan den daglege drifta skjer rundt om i heile landet.
Vi treng at det blir tenkt nytt og kasta fram gode idear og visjonar i distriktspolitikken. Ein debatt om kva vi kan få ut av framlegget frå Høgre-representanten i Nordland er ein god start.