Det var nesten ikkje til å tru. Statsminister Erna Solberg (H) måtte tysdag ut og beklage på vegner av statssekretæren sin, Peder W. Egseth. Medan regjeringa og Folkehelseinstituttet har diskutert seg fram til ein ny vaksinestrategi som kan gje Oslo og andre smittepressområde nokre fleire vaksinar, har statssekretær Egseth ved Statsministerens kontor vore involvert i eit politisk spel.

I sentrum for spelet har Høgre-ordførar Torgeir Dahl i Molde stått. I sterke ordelag kritiserte han sundag ikkje berre Oslo kommune si koronahandtering, som han meinte var altfor dårleg, men at innbyggjarane heller ikkje klarte å fylgje reglane. At Oslo har bede om fleire vaksinar, meinte han var ei form for «omvendt premiering».

Ja, Oslo er eit maktsenter. Her sit den politiske makta, dømmande makta, finansmakta. Oslo er hovudsetet for organisasjonar, lobby- og PR-byrå. Hovudstaden er del av ein region som dei siste tiåra har trekt til seg fleire innbyggjarar enn det er plass til under ein pandemi.

Etnedal er dobbel taper i vaksine-utdelingen: Kommuneoverlegen er verken frustrert eller bekymret

Det er her statlege arbeidsplassar har kome, på kostnad av oppbyggjing av arbeidsplassar i distrikta. Leilegheitsprisane har eksplodert dei siste åra. Alt unge og låglønte har hatt råd til er små leilegheiter som ikkje er så godt tilrettelagde for smittevern.

I overført tyding er «Oslo» døme på alt distriktsoppgjeret handlar om å motverke: Sentralisering av arbeidsplassar, av makt, av folk og av pengar. Produksjon av kunnskap og kompetanse som snakkar ned næringsliv og livsgrunnlag i distrikta, og verdien av å bu ein stad der du kan spankulere ut på verandaen i berre nettoen utan at naboen ser deg.

Det var britisk mutert virus som hadde smittet de to på Fondsbu

Men det på tide å hente fram solidariteten med Oslo sine innbyggjarar. For sjølv om mange av oss her i Distrikts-Noreg også er redde for våre nærmaste og vår eiga helse, er livet for dei aller, aller fleste av oss langt friare enn for dei i hovudstaden. Me har armslag og pusterom.

At Oslo og andre stader med høgt smittetrykk får litt fleire vaksinar enn andre kommunar, handlar fyrst og fremst om eit ynske om å redde fleire liv, ikkje ei premiering av utsvevande livsstil på byens barar under koronaen.

Som Oslo-innbyggjar har du fått kjeft om du joggar langs Akerselva. Du skal helst koma deg ut i skog og mark, men du får ikkje ta t-banen. Når dei som har råd til å ha bil tek bilen ut til utfartsstadene, får dei verbal bank fordi det er for mange av dei. Du har knapt fått gått på treningssenter på eitt år. Kinoar og kafear – sosiale samlingspunkt som er så viktig når du bur på eit lite areal – er på nytt stengde.

– Jeg mener vi skal sette trykket på antall doser – ikke hvem som skal ha dem

Du må framleis, snart på 13. månaden, dele kjøkkenbordet med partnaren, som også sit på heimekontor. Du veit aldri om ungane må på heimeskule, og bekymrar deg over den mentale helsa for den oppveksande generasjonen. Sosiale aktivitetar og bursdagar er sterkt innskrenke. I ei treromsleilegheit kjennest veggane påtrengande nærme. Byleilegheitene er like små no som dei var i mars i fjor.

Eg trur ikkje hovudstaden sine innbyggjarar ser på det som ei «premiering» at byen no får nokre få fleire vaksinar enn planlagt. Samstundes må me ha med oss at også distriktsinnbyggjarane framleis har eit avgrensa liv.

Hovudproblemet er ikkje at ei frisk distriktsbefolkning har fått for mange vaksinar, og ei sjuk bybefolkning for fåe. Kjernen er at det er for fåe vaksinar totalt. Og når krubba er tom, bitast hestane. Vaksinering og koronastrategiar blir politisk mat.

Regjeringa har i mange veker unngått å ta ei avgjerd om vaksinestrategien skulle endrast, men overlate det til Folkehelseinstituttet. Når me veit kor politiske mange av tiltaka mot koronasmitta har vore, og at politisk leiing har sett til side andre råd frå FHI, kan det vanskeleg tolkast som noko anna enn politisk redsle for å gjera seg upopulær anten i byane eller i distrikta.

Men når ein av Solberg sine statssekretærar driv eit politisk spel som i praksis undergrev regjeringa sitt arbeid, har det gått for langt. Ikkje minst framstår Solberg sjølv som sterkt svekka i ein kamp politisk kamp for å undergrave byrådsleiar Raymond Johansen frå Ap. Johansen har i vekevis trykt på for å få fleire vaksinar til Oslo. Han har gjort jobben sin som ordførar på vegner av befolkninga i Oslo. Det er oppgåva hans, nett som det er oppgåvene til ordførarane i Valdres-kommunane og Høgre-ordføraren i Molde å kjempe for sine innbyggjarar.

Vaksinar handlar fyrst og fremst om å redde flest liv. Då må me ha tiltru til ein vaksinestrategi som gjer nett det, både i by og på bygda.