Folkedans møter electronica når Frikar er med i Catharina Stoltenberg sin nye musikkvideo

KOREOGRAFI OG DANS: Frikar har bidrege med koreografi og dans i electronica-gruppa Smerz sin nye musikkvideo. Blant dei som dukker opp på skjermen er Frikar-sjef Hallgrim Hansegård sjølv.

KOREOGRAFI OG DANS: Frikar har bidrege med koreografi og dans i electronica-gruppa Smerz sin nye musikkvideo. Blant dei som dukker opp på skjermen er Frikar-sjef Hallgrim Hansegård sjølv. Foto:

Frikar har bidrege med koreografi og dans i electronica-gruppa Smerz sin nye musikkvideo, «I don’t talk about that much / Hva hvis». Sjå video lenger ned i saka.

DEL

AURDAL: – Catharina Stoltenberg, ei av frontfigurane i Smerz og dottera til Jens Stoltenberg, kom til Valdres på opplæring i folkedans hjå oss i Frikar, fortel Frikar-sjef Hallgrim Hansegård.

Frikar er eit profesjonelt dansekompani som satsar tungt i Innlandet, og i denne filmen dansar mellom anna valdrisane Anita Vika Langødegård, Eilif Hellum Noraker, Håkon Håvelsrud Odden og Hansegård sjølv.

Draumestemning

Hallgrim Hansegård er òg mannen bak koreografien, som er basert på tradisjonelle folkedanser som Valdres-springar, gangar og halling.

– Eg valte å koreografere dansen slik at den matchar tempoet i musikken, når dansen er redigert i 75 prosent sakte film. Det gjev ei draumestemning til den elles så akrobatiske dansen, seier han.

Videoen er regisert av Benjamin Barron, og musikken er skrive og produsert av Henriette Motzfeldt og Catharina Stoltenberg.

Jobb for dansarane

Hansegård fortel at Frikar har forsøkt å halde oppe koken i kjerneverksemda si gjennom koronatida.

– Tre filminnspelingar dette sumarhalvåret har bidratt til jobb for dansarane, etter at Draumefangaren 2020 vart avlyst grunna koronarestriksjonane.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken