Norge blir påverka av krigen. Tyske krigsskip skal overvake norske installasjonar. Forsvarsbudsjettet må opp. Norge skal busette 70 000 flyktningar. Regjeringa får kritikk for at alle prisar går opp, det er Jonas sin feil blir det sagt. Nei, det er Putin sin feil. Det er krigen sin feil. Det meste som påverkar oss her i Valdres, Norge, ja Europa no, har sin bakgrunn i den totalt meiningslause krigen i Ukraina.

Mange privatpersonar og næringar har vanskelege tider. Me må omstille oss, gjere endringar i kvardagen vår. Det likar me ikkje, me menneske vil ha det slik som me er vande med. Men me har stor forståing for alle som slit med å halde hjula i gang. For nokon smertar auka prisar meir enn for andre. Regjeringa har gjort fleire grep for å motverke dette, mellom anna med straumstøtteordning. Men det er ikkje nok, det vil aldri bli nok.

Les også

Flere besteforeldre har gledet seg til å invitere barn og barnebarn på hytta, men er bekymret

Mange kritiserer oss som styrer, anten på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Noko sikkert med rette. Men problemstillingane er samansette, effekten av tiltak kan vere vanskeleg å sjå føre seg og ein må heile tida forhalda seg til nye utfordringar. Regjeringa har mål om å halde renta så låg som mogleg, derfor har ein valt å gjere grep for å redusere inflasjonen og med det unngå å gå inn i enno mørkare økonomiske tider.

Kva kan så Vang kommune gjere over for sine i denne situasjonen? Det er ingen tvil om at kraftkommunar som Vang vil ha auka inntekter i år og nokre år framover. Det ser også staten og vil ta frå oss mange millionar. Rettferdig meiner mange, ein farleg endring av det som har vore lagt til grunn for oss naturressurskommunar i over hundre år, meiner mange av oss.

Likevel, den meirinntekta kommunen får inn, skal og vil bli brukt til beste for kommunen. Anten pengane blir sett på fond, brukt til ENØK-tiltak, blir gjeve som straumstøtte til næringslivet, til landbruksnæringa eller brukt til å gje gode tenester til folket. Pengane kjem godt med. Og dei blir ikkje borte.

Eg skal vere ærleg på at det kan vere krevjande å forvalte denne meirinntekta på ein god måte. Me lyttar til innspel frå alle. Både i møter, Facebook-innlegg, direkte samtalar og elles. Me har gode prosessar no i arbeidet med budsjettet og økonomiplanen vår.

Vang er heldige som har ein trygg og god økonomi, også mykje på grunn av god økonomisk styring i dei ulike etatane. Det som blir viktig er å finne ordningar, både nasjonalt og lokalt, som er mest mogleg rettferdige, treff best dei som treng det mest. Men som også motiverer til å redusere straumforbruket og gjennomføre ENØK-tiltak. Ein må også ha ordningar som er lette å organisere og administrere.

Ordførar har bedt både Elvang Holding AS og administrasjonen i kommunen om å sjå på moglege løysingar. Det er kommunestyret som skal vurdere ulike løysingar og konkludere med vedtak kommunestyret.

Så er det også slik at det er uråd å spå korleis 2023 blir, nokon hevdar no at straumprisen ikkje vil bli så høg til neste år (i skrivande stund er prisen 25,30 euro/MWh), men me må uansett ruste oss for alle moglege scenario. Utfordringane er mange, moglegheitene er likevel i fleirtal.