Kravet er nemleg at det må vera 15 kilometer mellom ladepunkta for å utløyse offentleg stønad. Og mellom Bagn og Bruflat er det berre 14 kilometer.

At det ikkje nett er autostrada mellom dei to kommunesentruma, spelar ikkje noko rolle. Skal du frå Bruflat, startar du på om lag 330 meter over havet, køyrer Bagnslinna (fylkesveg 2444) opp mot 700 meter over havet, og så ber det ned att til Bagn, som ligg om lag 230 over havet.

Det er heller ikkje slik at ladepunktet i Bruflat vil konkurrere med ladepunktet i Bagn. Bruflat og Bagn ligg ved kvar sine hovudfartsårer. For fastbuande, hyttefolk og turistar på gjennomreise som kjem på E16, er Bagn eit naturleg stopp. Dei som t.d. har hytte i Etnedal, kjem gjerne frå Dokka og fylkesveg 33. Då er Bruflat staden å lade bilen. Ein ladestasjon på Bruflat og ein ladestasjon i Bagn er difor ikkje i direkte konkurranse med kvarandre. Ein kan ikkje vente at elbilbrukarar skal ta ein tur-retur omveg til Bagn på godt over ein halvtimes køyretid til saman for å lade bilen. I alle fall ikkje om målet er at fleire på bygda også skal ta i bruk elbilar.

At Bruflat sentrum er diskvalifisert for å ta imot offentleg stønad til ladepunkt, syner kvifor distriktspolitiske verkemiddel ikkje kan lagast ut frå kart på kontora i dei store byane. Ein kan ikkje leggje kilometer til grunn, for så å diskvalifisere gode prosjekt. Inn- og utfartsvegar og reell køyretid må også kunne vektleggjast når pengepotten skal fordelast. Sjølvsagt kan ladepunktet leggjast ein annan stad, med lang nok avstand til Bagn sentrum. Men eit ladepunkt må etablerast der det er naturleg at folk stoppar.

Det har etter kvart vorte bygd ut ladestasjonar over mykje av Valdres. Fleire fastbuande med elbil ladar gjerne heime. Men det er framleis eit stort behov for fleire hurtigladestasjonar, ikkje minst for hyttefolk og folk på gjennomreise. Skal elbilbruken opp i distrikta, som er eit politisk mål, må ladenettet byggjast ut. Støtteregiment for å byggje ut ladepunkt for elbilar er for rigid når Bruflat ligg for nære Bagn til å få økonomisk stønad.