Om vel ein månad er det folkerøysting om framtida for Innlandet fylke. Her i avisa har me støtta at det skal gjennomførast ei folkerøysing. Årsaka er openberr: Oppland og Hedmark vart slått saman med tvang den førre stortingsperioden, på eit mildt sagt sviktande grunnlag politisk og administrativt. Hestehandling på bakrommet skal ikkje vera den politiske metoden for avgjerder om forvaltningsstrukturar.

I debatten som har fylgd i etterkant blir det åtvara mot å bruke kjensler som utgangspunkt for kva ein stemmer på. Det pussige er at det gjerne er dei som vil at Innlandet framleis skal bestå som fylke, som er dei som åtvarar mest mot desse kjenslene. Å trekkje "kjensle-kortet" er ein hersketeknikk, der Innlandet-tilhengjarane framstiller seg sjølve som at dei tek avgjerder basert på fornuft, medan motstandarane av Innlandet fylke fyrst og fremst er kjenslebaserte.

Å gjera fylkesspørsmålet om til eit spørsmål om "fornuft og følelse" og identitet, er å ikkje ta innbyggjarane i Innlandet på alvor. Organisering av forvaltningsnivåa, kor mange einheiter det skal vera på regionalt og lokalt nivå, kva oppgåver som blir gjennomførde og korleis desse blir gjennomførde, er eit politisk spørsmål, ikkje eit spørsmål om "kva føler du no".

Sidan Oppland fylke har eksistert i langt lengre tid enn Innlandet, er det truleg større sjanse for at valdrisar kjenner seg som "opplendingar" meir enn innlendingar. Men kva folk kjenner seg som er ikkje det som vil vera avgjerande i spørsmålet om framtida til fylket. Det handlar om avstandar, om utvikling av heile fylket, om kvalitet på tenester, om ein fylkeskommune som i sitt daglege arbeid i liten grad ser ut til å interessere seg for kvardagsliva til lengst ute i Innlandet-distrikta.

Eit døme på det siste er utgreiinga og det påfylgjande vedtaket om at dei fylkeskommunale tannlegevaktene skulle leggjast ned. Ei årsak var at Hedmark ikkje hadde fylkeskommunal tannlegevakt lenger, og då Oppland og Hedmark skulle slåast saman, var det behov for å ha "like servicetilbud" i regionen. Altså nedleggjing. I fjor vinter vart det også føreslått å leggje ned tannklinikkane i Bagn og Vang for at fylkeskommunen skulle spara pengar. I staden for vart det vedteke å bruke meir kraft og pengar i rekruttering av tannlegar for å sikre ei meir stabil bemanning.

At spørsmålet om sentralisering i det heile teke kjem opp utan at det blir teke særleg omsyn til kva det tyder for innbyggjarane som bur lengst unna, syner at fylkeskommunen ikkje klarar å sjå behova til alle innbyggjarane i Innlandet. Dette handlar ikkje om kjensler, men om kvaliteten på tenestene og at innbyggjarane i heile fylket skal ha tilgang til dei same tenestene, uavhengig av kvar dei bur. Det er dette innlendingane skal stemme over i februar.