Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Skutermiljøet i Vang ventar på ei liberalisering av kommunen sitt regelverk, og kritiserer kommunen for lang saksbehandlingstid.
Innbyggjarane i Vang har sagt si meining om snøscootersaka. Resultata fekk det til å koke over for Helge (29).
Kritikken er forståeleg. Om ikkje administrasjonen har trenert saka, er ho i alle fall ikkje prioritert – noko kommunedirektør Erlend Haaverstad sjølv stadfestar. Det er over eitt år sidan kommunestyret i Vang, i februar i fjor, vedtok å be administrasjonen om «ein breiare prinsipiell diskusjon knytt til scooterløyver, rekreasjonsløyper og generell scooterbruk i Vang kommune.» Det som til no har skjedd, er at Hovudutval for utvikling har oppretta ei arbeidsgruppe.

Kommunedirektøren om tidkrevjande scooter-utgreiing: – Det har vore ei prioriteringssak
I 2015 vedtok Stortinget at kommunane kan mjuke opp regelverket for skuterkøyring i eigen kommune. Kommunane kan dermed godkjenne eigne løyper for såkalla fornøyelseskøyring. Det er fleire krav som må oppfyllast før det kan skje, mellom anna at løypene ikkje skal leggjast i verneområde, at dei ikkje skal vera til ulempe for reindrift og at verknadane for friluftsliv og naturmangfald må greiast ut, og det må takast omsyn til mellom anna naturmangfald, bustad- og hytteområde samt kulturminner.
Bjørn Olav sit i gruppa som skal greie ut snøscooterbruk i Vang: – No skjer det noko
I tillegg vedtok Stortinget i 2020 å mjuke opp regelverket knytt til kravet om at ein fritidsbustad må liggje minst 2,5 kilometer frå brøyta veg og krav om å bruke leigekøyring.
Lokalt har dei to stortingsvedtaka skapt ei forventing om oppmjuking av regelverket. Rådmannsutvalet i Valdres ynskte derimot i fjor eit sams regelverk for alle kommunane, og føreslo likelydande vedtak for kommunestyra i Valdres. Framlegget stramma i praksis inn vedtaket frå Stortinget. At kommunane nett i denne saka skulle samkøyre regelverket er noko pussig, all den tid kommunane sine innbyggjarar ynskjer ulikt regelverk.
– Vi må få moglegheit til å utnytte ressursane vi rår over
Å opne opp eller stramme inn regelverket for snøskuterkøyring er ei betent, politisk sak mange stader i landet. Det handlar om ulikt syn på natur og miljø, om moglegheiter for reiselivet, og om eit regelverk som blir oppfatta som svært rigid all den tid ein sumarstid kan køyre på milevis med opparbeidde stølsvegar i fjellet. Tilrettelagde skuterløyper kan også vera ein måte å tiltrekkje seg turistar på og det kan vera eit positivt "frieri" til den yngre garde.

DNT Valdres om snøscooter-arbeidet i Vang: – Vi skal ikke legge skjul på at vi har noe bekymring
Ei langdryg saksbehandling av nytt regelverk for skuterkøyring blir dermed oppfatta som trenering, og skapar større misnøye lokalt enn det strengt teke var grunnlag for.