Valdres: Avslutninga av tenesta i Forsvaret vart markert med wienerbrød, svart kaffi i pappkrus og eit fast handtrykk frå sjefen for HV-05, slik tradisjonen er i Forsvaret.

Nokre av dei på heiltid i Hæren, og andre med deltidsstillingar, eller årlege vernepliktige øvingar i Heimevernet (HV), har fire offiserar frå Valdres lagt militæruniforma på hylla, eller rettare sagt; hatt ein avkledningsøvelse.

Nypensjonistar

Felles for nypensjonistane er at dei har vakse opp i Valdres, har lang teneste i Hæren og/eller HV som befal. Tre av dei høyrde til tidlegare Valdres HV-avsnitt, og ein i Lillehammer HV-avsnitt, som begge vart nedlagde ved sist HV-reform i 2005.

Ein annan felles ting er at dei har vore på samlingar og øvingar som Liaison-offiserar i Opplandske HV-distrikt 05 (HV-05) dei siste åra.

No har dei derimot passert vernepliktig aldersgrense. Måndag 23. oktober 2017 stilte dei fire valdrisane på depotet på Terningmoen leir på Elverum, for å levere inn militært utstyr. Dei fire var Bjørn Lunde, Ola Norvald Hagen, Erland Kvissel og Per Kristen Skaran.

I tillegg til desse fire har Bjørn Haugen frå Nord-Aurdal (kaptein og tidlegare områdesjef i stabsområdet/Valdres HV-avsnitt), vore Liaison-offiser i same avdeling. Han dimitterte i 2007, etter 22 års teneste. Når ein føyer til at det er mindre enn ti Liaison-offiserar totalt i staben til HV-05, kan ein slå fast at valdresdialekta har sett sitt preg på denne tenesta i stort monn, frå 2005 og fram til oktober i 2017.

Kva er Liaison-offiserar?

Liaison-offiserar er ei lita gruppe med erfarne befalingsmenn, som på vegner av distriktssjefen held kontakten mellom Forsvaret og samarbeidande etatar før, under og etter øvingar, slik som fylkesmannsembete, politi, vegmyndigheiter og andre samarbeidande avdelingar.

Årleg har dei vore ute cirka ti dagar i teneste i Forsvaret. I 2015 var dei til dømes med på øving Oslofjord, med 4500 soldatar, saman med Oslofjord Heimevernsdistrikt (HV-01) og deltakarar frå politiet, brann- og redningsetaten​, fylkesmannsembetene, tollvesenet og andre beredskapsaktørar. I 2014 var valdrisliaisonane saman med Telemark og Buskerud Heimevernsdistrikt (HV-03) under den største samøvinga med politiet og sivile aktørar på Austlandet dette året.

Landforsvaret, både Hæren og HV, er under lupa om dagen, og det er varsla nye endringar eller reduksjonar, som er oppe til politisk dragkamp.

Etnedøl med 43 års teneste

Major Bjørn Lunde (60), som no bur i Oslo, har ei samla tenestetid (heil, deltid eller årlege repetisjonsøvingar) i Forsvaret på 43 år, inkludert 31 år i HV. Major Per Kristen Skaran (56), oppvaksen i Sør-Aurdal, no busett i Nord-Aurdal, har 36 års fartstid i Forsvaret, inkludert 21 år i HV). Kaptein Erland Kvissel (58) frå Vestre Slidre, no busett i Sverige, har 31 år i Forsvaret, inkludert 28 år i HV., medan kaptein Ola Norvald Hagen (48) frå Vang sit att med 26 år i Forsvaret, inkludert 25 år i HV.