Gå til sidens hovedinnhold

Frå tvang til folkeavstemming

Solberg-regjeringa gjennomførte ein kommune- og regionreform som for Hedmark og Oppland sin del enda med ei tvangssamanslåing.

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dagens regjering har gjennom Hurdalsplattforma slått fast at samanslåingar skal vere baserte på frivilligheit og eventuelle folkeavstemmingar skal vera rådgjevande for nye fylkeskommunar og kommunar. Det viser at Sp og Ap ønsker å lytte til folket. Regjeringa vil også sette ned eit ekspertutval som skal gå gjennom fylkeskommunen sitt inntektssystem når fylkesstrukturen er avklara. Det er bra!

Innlandet fylke er 20 prosent større enn Danmark og har fleire innbyggarar enn Island. Dei folkevalde i det nye, store fylket skal styre dei vidaregåande skulane, fylkesvegar og kollektivtrafikk, midlar til næringsutvikling, kultursatsingar og stader ein har lite kjennskap og eigarskap til.

Folkevalde bør ha lokalkunnskap og nærleik mellom representantane og veljarane. Noko også Vallovutvalet poengterte da fleirtalet der ønska å behalde Hedmark og Oppland som eigne valkretsar i Stortingsvalet. Vallovutvalet meinte også at det er ein lang tradisjon for å fylgje fylkesinndelingane og at det vil gjere det lettare for veljaren å orientere seg og gje ei betre koordinering av politikken og synleggjere fylka sine interesser.

Men i fylkespolitikken har avstanden til dei som skal ta avgjersler vorte lengre og moglegheitene til å påverke vanskelegare. Det er krevjande å ha tett dialog med 48 kommunar. Er det da fylkeskommunen eller kommunane som skal tilpasse seg?

Eit så stort fylke kan fort bli kostnadsdrivande fordi det å koordinere den aukande kompleksiteten kan krevje fleire ressursar; stordriftsulemper. Vi ser allereie nå ein sentraliseringseffekten når to fylke blir slått saman. Dette er uheldig for folketalsutviklinga, geografisk kunnskap og nærleik og ikkje minst for ein balansert utvikling i både Hedmark og Oppland.

Samtidig har fleirtalet av dei tilsette i fylkeskommunen sin arbeidsstad rundt på skulane, tannklinikkane og innan samferdsel som før. Vi ser også at ordningar og system som er oppretta nå kan vidareførast om det er hensiktsmessig.

Dei få oppgåvene fylka har fått i samband med regionreforma har ikkje styrka dei, stikk i strid med regjeringa sitt uttalte mål med reforma. Dei gamle fylka kunne fint ivareteke oppgåvene dei har i dag og langt fleire i tillegg. Fylka skulle også bli meir like med ei regionreform, men det motsette vart resultatet.

Norge har aldri vore inndelt på den måten Solberg-regjeringa har delt landet inn på nå. Dette vil på sikt føre til store endringar. Eit stort fleirtal i fylkestinga i Hedmark og Oppland stemte motsamanslåing til Innlandet. I Oppland 25 mot og 10 for og i Hedmark 23 mot og 10 for – utan å bli høyrde.

Fylke vart slått saman utan prosess og involvering og det har skapt mykje uro! Derfor må vi ha demokratiske prosessar nå. Viken og Troms og Finnmark blir løyst opp. Sp meiner at også Innlandet bør løysast opp. Men ei slik, stor samfunnsendring bør avgjerast gjennom ei rådgjevande folkeavstemming som gjev forankring, tryggleik og ro slik at vedtaket står seg i framtida, om det blir oppløysing eller ei.

Kommentarer til denne saken