Kor mykje tener ein bonde? Korleis skal landbruksinntekta reknast? Landbruket har hatt store forventningar til kva Grytten-utvalet skulle koma fram til når det gjeld inntekt og inntektsutvikling i landbruket. Utvalet, som la fram rapporten sin måndag, har derimot ikkje kome med noko fasit på alle spørsmåla kring bondeinntekta.

Noko er likevel klart. Bøndene tener minst like mykje som andre yrkesgrupper. Det er ikkje så overraskande, gitt at mange bønder gjerne har ein jobb «i tillegg til garden», som det gjerne heiter. Derimot syner utrekningane frå Grytten-utvalet at timeløna til ein bonde er lågare enn for andre grupper. Stikkordet her er nemleg «totale». Dei totale inntektene er minst like gode som for andre. Altså, jobbar du dobbelt så mykje som andre, og har inntekter frå andre stader enn jordbruket, så tener du i alle fall minst like mykje som andre – totalt.

Les også

Bjørn Olav (40):– Jeg har ikke tatt ut lønn fra drifta siden vi starta opp her

Det er sjølvsagt ikkje godt nok for eit landbruk der mange i større og større grad kjenner at dei driv med matproduksjon på dugnad. Dårleg inntektsutvikling har ført til bondeopprør, misnøye og skuffelse. Frå jordbruket har det difor kome krav om å tette inntektsgapet mellom bøndene og andre yrkesgrupper. Og skal ein tette inntektsgapet, må ein vita kor stort det er. Då trengst ein betre metode for å rekne ut kor mykje bøndene faktisk tener på jordbruket. Næringsinntekter for jordbruket og løn for vanlege arbeidstakarar let seg nemleg ikkje samanlikne direkte.

Les også

Lena (44) og Jan Erik (45) investerer stort i usikre tider: – Jeg har fått mange spørsmål. At jeg tør å sette i gang.

Dessutan har det vore stor usikkerheit knytt til kor godt grunnlaget for jordbruksforhandlingane eigentleg er. Førre års inntektsutvikling som legg grunnlaget for årets forhandlingar om neste års inntektsutvikling. I ei næring som blir påverka av prisauke på gjødsel, kraftfôr, straum og drivstoff, for ikkje å snakke om ver og vind, blir det ikkje noko lett reknestykke.

I Totalkalkyen for jordbruket, som skal vera total rekneskap for jordbruket, har ikkje til dømes kostnader til leige av jord, kvotar eller innleigd arbeidskraft vorte rekna inn. Store kostnadar har såleis ikkje vore med som ein viktig del av grunnlaget for Budsjettnemnda for jordbruket og dermed heller ikkje som grunnlag for jordbruksoppgjeret. Grytten-utvalet føreslår no at desse utgiftene blir ein del av utrekningane.

NOU-en frå Grytten-utvalet skal no ut på høyring. Bondelaget var raskt ute med kritikk, og meiner det utvalet legg fram ikkje svarar til forventningane frå jordbruket. Per no ser det ikkje ut som at me er mange steg nærmare svaret på kor stort inntektsgapet eigentleg er.

Les også

– Hadde det ikke vært for hun her hadde jeg lagt ned allerede i 2019