Fredag blir det drive-in konsert på VBU

UTEKONSERT: Fjellblom musikklag arrangerer drive-in konsert i samband med markeringa av 75-årsjubileet for frigjeringa komande fredag.

UTEKONSERT: Fjellblom musikklag arrangerer drive-in konsert i samband med markeringa av 75-årsjubileet for frigjeringa komande fredag. Foto:

Ingen Koronapandemi vil klare å stogge Fjellblom musikklag. Det driftige musikklaget går nye vegar og vil arrangere drive-in konsert i samband med markeringa av 75-årsjubileet for frigjeringa komande fredag.

DEL

VANG: Leiar i korpset, Jon Eggen, fortel at dei vil arrangere konserten i tråd med reglane som gjeld for smittevern der inntil 50 personar no kan møtast.

Korpset vil stå på jordvollen framfor auditoriet på VBU, og inntil 25 tilhøyrarar kan stå på plassen og lytte med forsvarleg avstand. For alle dei andre blir det lagt opp til at dei kan sitja i bilane sine på parkeringsplassen vendt mot korpset.

Ein del av opplegget blir også helsingstale ved ordførar Vidar Eltun, fortel Eggen.

Korpsmusikk er godt egna for drive-in på denne måten, trur Eggen.

Artikkeltags